Ferie

 

Barna må ha fire veker i løpet av av barnehageåret - tre av desse samanhengande om sommaren. Barn som  ikkje skal forsetja i barnehagen  må ta ut ferien sin innan 14.08

Sommaren 2019 vil alle barnehagar i Hå kommune halde feriestengd i veke 29 og 30.

Den fjerde veka kan de ta på sommaren, i samband med jul/påske eller når de foreldre måtte ønska.
Denne veka kan delast opp i enkelte dagar og det er ønskeleg. For denne veka/dagane må barnehagen ha skriftleg beskjed ei veke på førehand for å kunne registera dette som ferie. Sånne lappar får de i barnehagen eller skriv ut lapper her (PDF, 18 kB).

Barnehagen sender ut eller heng opp ferielister på avdelingane i samband med påske, jul og sommarferie. Me er avhengig av oversikt over når barna tek ferie og å kunne planleggja ferie og eventuelt avspasering for personalet.
Angåande betaling; 11 månader, juli betalingsfri.

 

Fann du det du leita etter?