Ny på skulen

Nedanfor følgjer litt informasjon dersom du kjem ny til Vigrestad skule

Viss du kjem som ny elev, må du ta kontakt med administrasjonen på skulen per telefon 51793500, eller møta opp for å avtala eit møte. Skulen vil  ha eit møte med elev og foreldre/føresette før ein startar opp.

Praktisk info: 

Skuledagen startar klokka 08.20 kvar dag. Skuledagen er slutt klokka 14.00/14.10 på måndagar, onsdagar og torsdagar. På tysdag sluttar alle 11.10. På fredagar sluttar 1. og 2. klasse klokka 11.20, mens 3. og 4. klasse sluttar 14.10. 

Kvart trinn har eigen inngang, men første dagen kan du møta i administasjonsinngangen. 

Dersom du ynskjer å gå på SFO, må dette søkast om. 


 

Fann du det du leita etter?