BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4856//EN
BEGIN:VEVENT
UID:42e128bd-9f90-8412-e76d-e2ec7d8d72f6
SUMMARY:Utstilling: I don`t eat flowers
DESCRIPTION:Utstillinga I DON`T EAT FLOWERS er eit resultat av eit samarbeid mellom Hå gamle prestegard, galleri SULT, KINOKINO, Rogaland Kunstsenter, Tou Scene og Centre for Contemporary Arts, Estland. Fellesprosjektet har går under namnet ESTONIAN DREAM. FESTIVAL OF CONTEMPORARY ART og alle dei involverte partane har utstillingar og arrangement i utstillingsperioden. Utstillinga på Hå gamle prestegard undersøkjer feminisme og kjønnsrollar i estisk kunst. Kunstnarane tek på ulikt vis opp problemstillingar kring kunst, kvinner og representasjon. Utgangspunktet for samanstillinga av dei ulike kunstnarane og kunstverka er eit videoverk av Kai Kaljo frå 1997 med tittelen “Loser”. I videoen proklamerer Kaljo at ho er 37 år gamal, arbeidar for 90 dollar i månaden på akademiet for kunst og tenkjer på at det som er viktigast ved å vera kunstnar er fridomen og at ho er svært lukkeleg. Temaa som videoen tek opp (som kvinner, arbeid, lukke og sosiale relasjonar) er òg viktige for dei andre kunstnarane som er med i utstillinga. Marge Monko markerte seg først på den estiske kunstscena som ein dyktig fotograf. Arbeida hennar gjenspegler ei sterk interesse for kvinnene i kunsthistoria, ulike aspekt av psykoanalysen og psykologiske forstyrrelser i visuell historie. Dei siste åra har særskilt arbeid gjennom eit feministisk perspektiv vore eit viktig tema for Monko. Liina Siib er og oppteken av identitet og problemstillingar relatert til arbeid. Sexfiksering, prostitusjon og kvinneleg identitet og kropslege erfaringar knyta til rom er nokon av dei temaa som ho tek opp i sitt kunstnarskap. Anna-Stina Treumund er ei av dei få opne lesbiske kunstnarane i Estland. Arbeida hennar tek opp tema kring minoritetar, kjønnspolitikk og stigmatisering frå hennar homofile og feministiske ståstad. Utstillinga er kuratert av Anders Härm.
DTSTART:20131026T120000Z
DTEND:20131201T160000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20200924T111656Z
DTSTAMP:20260630T021414Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
