BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4856//EN
BEGIN:VEVENT
UID:c387da6e-242f-2969-29be-1662e5c99e83
SUMMARY:Utstilling: Gunnar Thorsen
DESCRIPTION:Siste gong Gunnar Thorsen vitja Hå gamle prestegard var i 1987. Me er glade for igjen å kunne presentera kunstnaren her på Hå gamle prestegard med nye arbeid. Arbeida til Gunnar Thorsen er lett gjenkjennelege med sine presise konstruksjonar og geometrisk formspråk. Thorsen ser heile tida etter det arkitektoniske og eksakte i forma og nytter seg av eit uuttømmelig reservoar når det gjeld dei geometriske formene. Dette tilfører arbeida ein tydelig fellesnemnar som går igjen i store og små objekt, om dei er bruksorienterte eller reint skulpturelle. Utstillinga i gamle fjoset er samansett av seriar med keramiske objekt der sirkelen er ein gjennomgåande form. Kunstnaren seier sjølv at hans prosjekt er ”opplevelsen av form, materiale og bruk.” Thorsen er utdanna ved Bergen Kunsthåndverksskole og er innkjøpt av fleire viktige institusjonar mellom anna Norsk Kulturråd og Kunstindustrimusea i Bergen og Oslo.
DTSTART:20100424T120000Z
DTEND:20100606T150000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20220802T131457Z
DTSTAMP:20260630T021752Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
