BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4856//EN
BEGIN:VEVENT
UID:cb1b1377-51ff-7e54-0233-e411709588e9
SUMMARY:Utstilling: Roald Sivertsen
DESCRIPTION:Sist gong Roald Sivertsen hadde utstilling på Hå gamle prestegard var ei duoutstilling for 13 år sidan. Denne gongen har han laga nye arbeid til utstillinga LIVSVITNER som han syner i stallen. Utstillinga er ein serie figurative oljemåleri. Her ser me kvardagsobjekt, interiør, servise, møblar og lukka gardin. Motiva er måla med ein tidkrevjande detaljrikdom. Det er som om Sivertsen målar fram eit fråvær i bileta sine. Han tydeleggjer dei personane som ikkje er der lenger ved å ha merksemda retta mot den tomme stolen, ein middagsmat som ingen et frå, ein tallerken med kakerestar. Biletflata er eit utsnitt av eit narrativ der me sjølv kan nytta fantasien og fabulere rundt kva som var, er og har vore. Den som ser på får ein aktiv rolle og blir nærast ein del av motivet, som eit vitne til det som utspeler seg. Eit livsvitne er det eller dei som bekreftar våre liv og vår eksistens. I Sivertsen sine arbeid er det objekta i rommet som fortel menneska si historie. Roald Sivertsen (f. 1981) er oppvaksen på Finnøy og bur og arbeider i Oslo. Han er utdanna ved Florence Academy of Art (Italia). Sivertsen har tidlegare stilt ut på Galleri Semmingsen, Fotland mølle, Galleri Torekov (Sverige) og Bryne Kunstforening. Han har delteke på Høstutstillingen og er medlem av Landsforeningen Norske Malere, NBK og Tegnerforbundet. Søndag 16. april kl. 13.30 MØT KUNSTNAREN Møt Roald Sivertsen i utstillinga LIVSVITNER. Han fortel om arbeidsprosessen og om sin kunstnarpraksis. Vanleg inngangsbillett.
DTSTART:20230325T130000Z
DTEND:20230529T150000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20221208T091816Z
DTSTAMP:20260630T015752Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
