BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4917//EN
BEGIN:VEVENT
UID:24811a33-fe71-1890-2e05-e39dc2cd6be4
SUMMARY:Åse Anda og Line Anda Dalmar / SAMTALAR MED PER
DESCRIPTION:Line Anda Dalmar og Åse Anda I perioden 19. september til 1. november presenterer Hå gamle prestegard Samtalar med Per , ei duoutstilling med Åse Anda og Line Anda Dalmar. Gjennom grafikk, teikning, tekstil og skulptur undersøker mor og dotter korleis kunstnariske uttrykk kan oppstå i møte med den same staden – på tvers av generasjonar, erfaringar og tid. Utstillinga tek utgangspunkt i landskapet på Jæren og i arven etter oldefar og tippoldefar Per Gjemre (1864–1928), den første biletkunstnaren i familien. Prosjektet spring ut av eit ønskje om å bli kjend med Per Gjemre gjennom landskapa han måla. Ved å oppsøkje dei same stadene – mellom anna langs strendene på Ogna – har Anda og Dalmar innleidd ein visuell samtale med både landskapet og kunstnaren. Gjennom eigne arbeidsprosessar undersøker dei korleis motiv, komposisjon og blikk endrar seg over tid, og kva som blir verande. Prosjektet stiller spørsmål om korleis arv, miljø og levd erfaring formar eit kunstnarskap, utan å søkje endelege svar. Sjølv om dei arbeider med ulike uttrykk, deler dei ei utforskande tilnærming til material og prosess. Åse Anda er særleg kjend for grafikk og tekstilbaserte installasjonar, medan Line Anda Dalmar arbeider med teikning, fotografi og stadsspesifikke installasjonar. I Samtalar med Per møtest dei to kunstnarskapa i ein open dialog, der eigne verk blir påvirka av og tek inspirasjon fra Per Gjemre sine måleri og dannar nye forteljingar om landskap, familie og kunstnarleg blikk. Ved Hå gamle prestegard får prosjektet ei særleg forankring. Mange av landskapa som har inspirert arbeidet ligg i nærområdet, og utstillinga blir vist i Gamle Fjoset, Stallen og Mellomlåven – tre rom med ulik karakter som gir plass til både dei historiske referansane og dei samtidige uttrykka. Her blir landskapet utanfor, bygningane og kunstverka del av den same samtalen. Åse Anda (f. 1957) bur og arbeider i Stavanger og har gjennom fleire tiår markert seg som grafikar med ei rekkje separatutstillingar og offentlege utsmykkingar over heile landet. Line Anda Dalmar (f. 1983) bur og arbeider i Trondheim og er utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen og Konstfack i Stockholm. Ho arbeider med teikning, fotografi og installasjon, og har stilt ut ved mellom anna RAM Galleri, Trondheim Kunstforening, Tegnerforbundet og Preus Museum. Saman presenterer dei no sitt første felles kunstprosjekt.
DTSTART;VALUE=DATE:20260919
DTEND;VALUE=DATE:20261101
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20260701T090944Z
DTSTAMP:20260908T121248Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
