BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 18.0.4917//EN
BEGIN:VEVENT
UID:71b40c85-a8a1-15e7-4e2b-8dde569255d1
SUMMARY:Fredag i kafeen: MÅTTE DE HVILE I FRED - Døden og allehelgensdag i katolsk tradisjon
DESCRIPTION:Dei siste åra har me sett at mange tek opp igjen den katolske tradisjonen med å tenna lys på gravene allehelgensdag. Kvifor skjer dette? Kvar kjem denne tradisjonen frå? Korleis var det for folk i mellomaldaren å gå over frå katolske til lutherske ritual og skikkar i synet på døden og dei døde? I foredraget vil Aavitsland kasta lys over desse spørsmåla. Ho tek utgangspunkt i utvalgte gravminne og kyrkjerom som romar heile univers av idear om døden, etterlivet og forholdet mellom dei døde og dei levande. Aavitsland er kunsthistorikar og professor i mellomaldarkultur og kyrkjehistorie ved MF vitenskapelig høyskole i Oslo. Ellen Therese Thuland innleier kvelden. Ho er kvedar og framfører gamle songar og religiøse folketonar, spesielt frå Sogn og Fjordane, men som og blei brukt i Rogaland. Thuland bur i Stavanger og er lærar på Gausel skole. Ho er utdanna i musikk ved Ole Bull Akademiet på Voss. Etter foredraget inviterer vi til herleg mat, drøs og god stemning i kafeen. Kafeen er pynta for å markera at det og er Halloween denne helga. Kr 250 inkl. mat. Sal av drikkevarer. Påmelding: post.hgp@ha.kommune.no eller 51791660
DTSTART:20191101T180000Z
DTEND:20191101T203000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20190819T131036Z
DTSTAMP:20260914T132047Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
