BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 17.10.4514//EN
BEGIN:VEVENT
UID:e8896775-9311-53ee-0f0d-aeda6e067782
SUMMARY:Utstilling: Minimal
DESCRIPTION:Guy Limone (fr), Polly Gould (uk), Sarah Woodfine (uk), Walter Martin & Paloma Muñoz (us), Vincent Bousserez (fr), Daniel Dorall (au), Thomas Doyle (us), Akiko Ikeda (jpn), Liliana Porter (us), Danwen Xing (chi), Tessa Farmer (uk), Nils Olav Bøe (no) Utstillinga "Minimal" presenterer kunstnarar som på ulike måtar arbeider med kunst i microformat. Sosiale relasjonar, samfunnskritikk, historieformidling og humor blir ofte teke opp som tema. Små format opnar for moglegheita til å diskutere større problemstillingar. Me ser oss sjølv med nye auge i møte med desse små skulpturane. Somme nyttar denne uttrykksforma til å setje søkjelyset på den skeive ferdelinga av rikdomane i verda eller til å sjå på korleis globaliseringa utviskar urbane særtrekk. Kanskje ligg fascinasjonen i korleis kunstnaren maktar å vera «spot-on» i ulike situasjonar. Banale og trivielle historiar er med eitt noko me kan forhalde oss til, dei alvorlege motiva set ting på spissen. Ved å stilla oss sjølv andlet til andlet med arbeida i utstillinga kan me forhalda oss til det faktum at me, trass alt, ikkje er meir enn små menneske i ei stor verd. Og me kjenner oss igjen i avmakta me møter til naturen og andre menneske.
DTSTART:20120609T120000Z
DTEND:20120826T150000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20220825T122822Z
DTSTAMP:20260314T053532Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
