BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 17.10.4691//EN
BEGIN:VEVENT
UID:423b6922-20ee-4df3-da34-5ffe2ad1c14b
SUMMARY:UTSTILLING: HELENE ESPEDAL-SELVÅG
DESCRIPTION:I installasjonen Felles himmel / Common Sky har Helene Espedal-Selvåg filma himmelen på ulike stader i verda det siste året. Ti monitorar ligg på golvet med små utsnitt av atmosfæren – skyfragment filma mellom anna på Ullandhaug, i Hiroshima, på Hå, i København og i Tokyo. Frå ei plattform midt i utstillingsrommet kan publikum sjå skyene frå eit felles ståstad. Helene Espedal-Selvåg (f. 1967) er biletkunstnar busett i Stavanger. Kunstnarskapen hennar undersøkjer mennesket sitt forhold til naturen og naturen sin eigenverdi som ein meir-enn-menneskeleg aktør. Ho arbeider tverrfagleg med video, skulptur, tekstil og installasjon, og utviklar omgjevnader der publikum kan erfare sanslege, stadsspesifikke møte med naturen. Eit sentralt arbeid i praksisen hennar er prosjektet Hibakujumoku – Messages from the Silent Witnesses , vist i Stavanger botaniske hage og Oslo botaniske hage, og vidareført til Hiroshima Botanical Garden i november 2025. Prosjektet er eit samarbeid mellom fleire aktørar og tek utgangspunkt i tre som overlevde atombomba i 1945. Det utforskar korleis desse, gjennom etterkomarane sine, kan formidla motstandskraft, håp og fred. Ho er utdanna ved Kunstakademiet i Trondheim og Universitetet i Stavanger, og er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK).
DTSTART:20260124T110000Z
DTEND:20260308T160000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20260107T093542Z
DTSTAMP:20260420T060125Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
