BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 17.10.4514//EN
BEGIN:VEVENT
UID:f3cb4bc7-1c00-31fd-aac3-ea1d12f88585
SUMMARY:Utstilling: Karen Klim
DESCRIPTION:Hå gamle prestegard har følgt Karen Klim i mange år og er no glade for endeleg å få ei separatutstilling med kunstnaren. Karen Klim har sidan 1978 arbeida med varmt glas frå atelieret sitt på Frysja i Oslo. Ho seier at «vann, is og den fastfrosne natur» er element som inspirerer henne. Vidare påpeiker ho at «glasset er et spontant, mykt og føyelig materiale - når det er varmt. For meg er det viktig å beholde noen av de kvaliteter i det ferdige verk. Etter arbeidet er nedkjølt, benytter jeg meg i noen tilfeller av sandblåsning og sliping.» Eit kjenneteikn med arbeida til Klim er at ho med det varme, flytande glaset, klarer å fange og halde fast sanseligheten og karakteren i forma. Ein kan ofte sjå at den ferdige forma ein gong har vore flytande masse. I utstillinga på Hå gamle prestegard vil ho syne vasar, stilleben og objekt, alle i fritt forma glas. Karen Klim (f. 1951) er fødd i København og bur og arbeider no i Oslo. Ho er utdanna ved Kunsthåndverkerskolen i København. Klim har delteke på ei rekkje gruppeutstillingar og hatt fleire separatutstillingar. Ho er kjøpt inn av mellom anna alle Kunstindustrimusea i Norge, Kunstindustrimuseet i København, Victoria and Albert Museum i London og Norsk Kulturråd. Karen Klim, Lyden av frost, 2012 Espen Grøndal
DTSTART:20150328T130000Z
DTEND:20150531T150000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20200626T114008Z
DTSTAMP:20260314T051318Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
