BEGIN:VCALENDAR
VERSION:2.0
PRODID:-//ACOS//NONSGML CMS 17.10.4691//EN
BEGIN:VEVENT
UID:eec82435-4c8c-c31e-62ca-7a1557ad1bc1
SUMMARY:Utstilling: Eske Kath
DESCRIPTION:Hå gamle prestegard er glade for å kunne presentere utstillinga ARENA med den danske kunstnaren Eske Kath (1975) i gamle fjoset. Tittelen syner til ein stad eller ein scene, der ting kan oppstå eller forsvinne. Arbeida til kunstnaren er ofte gåtefulle og eksperimentelle i teknikk og motivval. Han arbeider på rått ugrunna lerret eller plater der han let vera å skjule dei opprissa skissene til komposisjonen. Husformer har ei særskilt tyding i motivverda til Eske Kath. Hjå han fungerer husa som symbol på menneske og som eit ankepunkt i ei, på mange måtar, skremande verd. I Eske Kath sine motiv kan det postapokalyptiske landskapet ofte sjåast på som ein mogleg ny start. Eske Kath spør: ”Er solen ved at stå op eller gå ned, dækkes den eller bryder den frem?”. Kath bur og arbeider i Brooklyn, New York og er utdanna ved Det Kongelige Danske Kunstakademi. Han er representert på galleri i Berlin, Los Angeles, New York og København. I Danmark har han utført fleire offentlege oppdrag, til dømes utsmykkinga av Frederik VIII’s palæ og utsmykking av fleire danske rettssalar. Dette er hans første utstilling i Norge. Utstillinga på Hå gamle prestegard er eit samarbeid med Viborg Kunsthal der utstillinga vart vist tidlegare i haust. Til utstillinga vert det laga ein katalog som óg er for sal på Hå gamle prestegard.
DTSTART:20141129T130000Z
DTEND:20150118T160000Z
LOCATION:Hå gamle prestegard
SEQUENCE:0
CREATED:20200629T132141Z
DTSTAMP:20260420T055321Z
END:VEVENT
END:VCALENDAR
