Måleri / relieff
Mona Orstad Hansen sitt kunstnarlege virke er dedikert til eit abstrakt formspråk. Kunstnaren arbeidar med måleri, ofte i saman med enkle skulpturelle objekt og relieff. Ho er grunnleggjande oppteken av form, noko som speglar seg i at måleria ofte berre består av éin til to fargar. Ho tek med seg erfaringane frå måleriet og forsøkjer å overføra denne kunnskapa til arbeidet med tre.
Mona Orstad Hansen (f. 1976, Stavanger) har studert ved Kunstakademiet i Trondheim (5-årsstudent) og tok ein bachelorgrad med First Class Honours Degree ved Gray’s School of Art i Aberdeen.
Ho har hatt ei rekkje utstillingar, og av dei nyare kan nemnast: Lytting og sidespor. Atelierbesøk, i Tou Ølhallene (2022), I kjelleren luktet det alltid iskrem, Trondheims kunstforening (2021), og Det utspiller seg i et stykke, Galleri LNM (2018). Ho har delteke på Høststutstillingen (2007, 2011, 2014, 2017 og 2020) ved Kunstnernes Hus, Oslo. I 2022 vart måleriet Gonna Head To The Galaxy (2010) vist på White Chapel Gallery i London, som ein del av utstillinga The Unseen, kuratert av Hurvin Anderson frå samlinga til Christen Sveaas’ Kunststifting.
Ein serie arbeid vart nyleg innkjøpt av KORO til Nye Stavanger Universitetssykehus (2023). Ho er tidlegare innkjøpt av mellom anna: Stavanger kunstmuseum, Christen Sveaas’ Kunststiftelse, Høyskolen i Bergen (KORO-fond) og Norges Bank.
I 2024 vart ho tildelt 3-årig arbeidsstipend frå Statens kunstnerstipend.