Utstilling: Dyptrykk

lørdag 26. januar 2019 kl. 14.00

Gruppeutstilling 
Dyptrykk
grafikk

 

Arne Bendik Sjur, Erling Valtyrson, Terje Resell, Anita Tjemsland, Kjell Erik Killi Olsen, Kjell Nupen, Terje Risberg, Astrid McGarrighan, Tom S. Kosmo, Frank Brunner, Tom Gundersen, Hege Cathrine Thoresen, Sidsel Westbø, Patrik Berg, Arild Yttri, Elin Rødseth, John Hoelstad Dæhli, Kjell Bendiksen'

Velkomen til opning av nye utstillingar på Hå gamle prestegard  26. januar kl. 14.00.

Opning ved Solveig Landa, tidlegare styremedlem i Norske grafikere.

Utstillinga Dyptrykk undersøkjer tendensane til det som skjer innan den grafiske djuptrykksteknikken i dag. Kva kunstnarar nyttar denne teknikken? Kva metode eller variant av djuptrykkteknikken nyttar dei? Kva tema tek dei opp?

I djuptrykkteknikken nytter ein ei polert plate, gjerne av kopar eller plast, som ein lager riper og hakk i og som etterlet seg streker og flekker på papiret under trykking.  Hovudkategoriane i djuptrykk er koparstikk, koldnål, mezzotint, etsning og akvatint.

I utstillinga vil både godt etablerte kunstnarar og nyutdanna vere representert.

Me syner òg verk av kunstnarar som eksperimenterer med teknikken eller kombinerer denne med andre teknikkar.

Hå gamle prestegard presenterer i perioden 2018–2020 ein serie utstillingar med tema kring dei ulike grafiske teknikkane. Utstillingsserien er eit bidrag til 100-årsmarkeringa av etableringa av Norske Grafikere i 1919.

Utstillinga står til 17. mars 2019

Legg til hendinga i din kalender