Utstilling: ZERO TOLERANCE

lørdag 9. november 2019 kl. 14.00

Michael Takeo Magruder (UK)
ZERO TOLERANCE
digital media / installasjon 

Michael Takeo Magruder (1974) arbeider med nye medier. Prosjekta hans er basert på
tverrfagleg forsking og er påverka av ny teknologi.

På Hå gamle prestegard skal han visa
to installasjonar som har problematikken med migrasjon i vesten som utgangspunkt.
Med ei visuell framstilling av store mengder innhenta informasjon, presenterar han
oss for to motpolar i debatten om migrasjon. Arbeida tek opp offisielle standpunkt
og politikk, side om side med haldningar og handlingar i opinionen. Eit verk beskriv
kritisk haldning til migrasjon og det andre det motsatte. Spennet mellom dei ulike
oppfatningane skapar rom for refleksjon.

Magruder har hatt samarbeid med BBC om dette tidsaktuelle prosjektet. Han er aktuell
med utstilling ved British Library i London i sommar.

Utstillinga står til og med den 12. januar 2020. 

Foto: Michael Takeo Magruder, Zero Tolerance, stillbilete frå video, 2018. Copyright and courtesy of the artist

Legg til hendinga i din kalender