Tove Kommedal i utstillinga POST
  • HGP - Arrangement

Kunstnaromvisning og samtaler i utstillinga POST

Dato

Torsdag 6. februar 2025

Tidspunkt

kl. 13.00 - 14.00

Sted

Hå gamle prestegard

Me ønskjer velkomen til eit meiningsfylt treff i utstillinga POST på Hå gamle prestegard, leia av kunstnaren Tove Kommedal. 

Utstillinga tematiserer den no avslutta pelsdyrnæringa og gjev eit kunstnerisk, empatisk blikk på næringa si historie og etterspel.

Gjennom ein guida omvising vil vi saman utforske verka i utstillinga. Omvisinga legg opp til samtalar, felles refleksjonar og korte diktlesingar som skaper rom for nye tankar og inntrykk. Undervegs får deltakarane òg høve til eit taktilt møte med ulike pelstypar, noko som vekker minne og stimulerer sansane.

Kunstnaren sjølv vil delta og fortelje om sitt arbeid, samt leie ein fantasireise – ei metode kunstnaren har utvikla og brukt i sin eigen arbeidsprosess. Denne kreative øvinga gjev deltakarane ein unik moglegheit til å fordjupe seg i både verka og tematikken på ein annan og inspirerande måte.

 

Vanleg inngangsbillett gjeld

 

 

Praktisk informasjon

Arrangeres av

Hå gamle prestegard

(tekst, toppbilete)
Foto av Tove Kommedal i utstillinga POST
(tekst, promobilete)
Foto av Tove Kommedal i utstillinga POST