Biletkunst

Kunstbutikken formidlar eit stort utval av eit stort utval av grafiske arbeider i ulike teknikkar, laga av norske og nordiske kunstnarar. 

Ta kontakt for meir informasjon.
Telefon 51791660 eller post.hgp@ha.kommune.no

Følg oss gjerne på Instagram:
Hå gamle prestegard - Art Shop (@hgp.shop) • Instagram-bilder og -videoer

Morten Abel 

Morten Abel (f. 1962) er ein Stavanger-basert kunstnar som arbeider med måleri og grafiske teknikkar. Kunstnarskapen hans er prega av sterke penselstrøk, intuitive prosessar og ei utforsking av det umiddelbare og det emosjonelle.  Abel beskriver arbeide som: «Kunsten min handlar om prosessar. Om å vere i augeblikket, ta sjansar og vere streng og nådelaus». Dei siste åra stilt han ut ved Skur 2 i Stavanger, Soli Brug i Sarpsborg, Bølgen Kulturhus i Larvik og Buen Kulturhus i Mandal. Han har òg deltatt i gruppeutstillingar saman med kunstnarar som Stig Ristesund og Simon Wågsholm.

I tillegg til visuell kunst er Abel kjend som musikar, forfattar og scenekunstnar, med fleire Spellemannsprisar og plass i Rockheim Hall of Fame

 

 

Jannik Abel

 

Stig Andresen

Stig Andresen (f. 1945) er ein etablert kunstnar med base i Oslo, kjent for sitt arbeid innan grafikk, måleri og teikning. Han har ein distinkt visuell stil prega av presisjon, rytme og ei djup utforsking av form og struktur. Verka hans balanserer mellom det geometriske og det poetiske, og inviterer betraktaren til refleksjon og ro.

Andresen er utdanna ved Statens handverks- og kunstindustriskole og Statens kunstakademi i Oslo. Han har hatt ei lang og aktiv karriere med utstillingar både nasjonalt og internasjonalt, og arbeida hans er innkjøpt av mellom anna Nasjonalmuseet, Kulturrådet, Oslo kommune og fleire fylkeskommunar.

Han er medlem av Norske Grafikere (NG) og Norske Billedkunstnere (NBK), og har vore professor i grafikk ved Kunsthøgskolen i Oslo. Gjennom undervisninga si har han påverka fleire generasjonar norske grafikarar.

Andresen arbeider hovudsakleg med dyptrykk, tresnitt og litografi, og kombinerer tradisjonelle teknikkar med ein moderne sensibilitet. Kunstnarskapen hans er prega av ein kompromisslaus tilnærming til handverket og ei kontinuerleg utforsking av visuelle strukturar.

 

Åse Anda

Åsa Anda (f. 1961) er ein norsk billedkunstnar med atelier i Stavanger. Ho arbeider hovudsakleg med grafikk, og har utvikla ein eksperimentell og prosessorientert praksis der materialutforsking står sentralt. Gjennom bruk av eigne trykkfargar, pigment, plantefargar, kull og aske, skapar ho verk som utfordrar grensene for kva grafikk kan vere.

Anda er utdanna ved Statens lærarhøgskole i forming og Statens høgskole for kunsthåndverk og design i Bergen. Ho er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK) og Bildende Kunstneres Forening Rogaland (BKFR), og har atelierplass ved Tou Atelierhus i Stavanger. Ho trykker sine grafiske arbeid ved Tou Trykk, som ligg i same bygning.

I tillegg til grafikk arbeider ho med tekstile uttrykk, som tråd, handsøm og maskinsøm, og har i seinare tid utvikla romlege installasjonar sydd i lerret – ofte basert på tidlegare trykk. Arbeida hennar er vist i ei rekkje utstillingar og er innkjøpt av Kulturrådet, Rogaland fylkeskommune, Hå kommune og andre offentlege samlingar.

Kunstnarskapen hennar er prega av ei sterk interesse for farge, rytme og det uforutsigbare som oppstår i møte mellom teknikk og materiale. Prosessen er ein drivkraft – eit rom for undersøking, endring og tilstedeværelse.

 

Lucia Aragon
Lucía Aragón er ein mexicansk billedkunstnar med base i Noreg. Ho arbeider med teikning, installasjon og tekstbasert kunst, og utforskar korleis språk, kropp og rom påverkar kvarandre. Gjennom ein konseptuell og prosessorientert praksis undersøker ho tema som identitet, persepsjon og det usynlege i det daglege.

Aragón har ein tverrfagleg bakgrunn med utdanning frå Universidad Nacional Autónoma de México (UNAM) og Kunsthøgskolen i Oslo (KHiO), der ho fullførte sin mastergrad i billedkunst i 2021. Ho har òg studert filosofi og litteratur, noko som pregar det refleksive og tekstlege aspektet ved kunstnarskapen hennar.

Ho har stilt ut ved ei rekkje visningsstader i Mexico og Noreg, inkludert Kunstnerforbundet, Tou i Stavanger og Nasjonalmuseet – Arkitektur.

Lucía Aragón er medlem av Norske Billedkunstnere (NBK) og Norske Grafikere, og har fått arbeid innkjøpt av Nasjonalmuseet

 

Ingrid Lilja Arntzen

 

Marit Aanestad

 

Ronny Bank

 

Kjell Bendiksen

 

Anne Haaland Bland 

 

Jonathan Bland

 

Ståle Blæsterdalen

 

Anette Borge

 

Frank Brunner

 

Annette Bryne

 

Ingvar Moi

 

Geir Nymark

 

 

Ved omsetning av kunst med salgspris over 2000 NOK skal det betales 5% kunstavgift i tillegg til salgssummen. Midlene brukes til finansiering av kunstproduksjon gjennom stipend, vederlag og tilskudd til kunstnere og kunstprosjekter i Norge. 

Kunstavgiften er lovpålagt og hjemlet i kunstavgiftsloven og åndsverklovens § 38c. Innkrevingen er et samarbeid mellom Bildende Kunstneres Hjelpefond og BONO.