UTSTILLING: CHRISTIAN SUNDE

lørdag 6. september 2014 kl. 14.00

6. september - 12. oktober 2014

Christian Sunde
PORTRETT / PROSESS
installasjon
 

Førre gong Christian Sunde hadde utstilling på Hå gamle prestegard var i 2003. I dei åra som har gått sidan den gong har me hatt kontakt med kunstnaren både gjennom ei gruppeutstilling (2005) og eit prosjekt på Obrestad fyr (2008). Denne gongen møter me kunstnaren med ei stor utstilling i nye fjoset og løa. Tema for utstillinga er tid, forgjengelighet, forvitring og prosess. Dette visualiserer kunstnaren gjennom ei mengd hovud eller miniatyrportrett støypt i ulikt material og med ulike teknikkar. Somme av verka blir supplert med integrert lys og lyssettingar og andre  igjen vil endre seg i uttrykk og karakter utover i utstillingsperioden.

Kunstnaren seier at samansettinga av dei ulike objekta syner:  «hvor sammensatt mennesket er, med våre mange ulike fasetter. Forvandlingsprosessene hodene går igjennom, skaper ulike uttrykk som reflekterer og speiler alle disse ulike sidene ved menneskesinnet og tiden som preger oss.»

Christian Sunde er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. I tillegg til å ha hatt fleire separatutstillingar og delteke på ei rekkje gruppeutstillinga har kunstnaren arbeida mykje med utsmykkingar. Til dømes har kunstnaren arbeida med utsmykkingar i Bryne sentrum for Time kommune. Sunde er kjøpt inn av Kulturrådet og frå 2012 har han motteke statens garantiinntekt.

Legg til hendinga i din kalender