• HGP - Utstilling

Utstilling: Irma Salo Jæger

Dato

Lørdag 7. juni 2014 - fredag 1. august 2014

Tidspunkt

kl. 14.00 - 17.00

Stad

Hå gamle prestegard

7. juni – 31. august 2014

Irma Salo Jæger
Maleri 

Smil og glede på prestegarden. Omtale i Stavanger Aftenblad. 

Irma Salo Jæger har sidan 1960-talet vore ein viktig aktør i norsk kunstliv gjennom si kunstnariske verksemd og sitt kunstpolitiske engasjement. Utstillinga i gamle fjoset på Hå gamle prestegard består av eit utval maleri frå det siste 10-året. Til utstillinga er det laga eit katalog med tekst av forfattar og kunstskribent Svein Thorud.

Ved sida av sitt langvarige, kunstpolitiske engasjement, i tillitsverv og i komitear, har Irma Salo Jæger vore professor ved Statens Kunstakademi i Oslo i åra 1986-1992.

Irma Salo Jæger (f. 1928) har si kunstfaglege utdanning frå Statens Håndverks- og Kunstindustriskole (1954–1957) og Statens Kunstakademi (1958–1961). Ho er i tillegg utdanna som magister i kunsthistorie ved Universitetet i Helsingfors i 1953. Ved sida av sitt langvarige kunstpolitiske engasjement og professoratet ved Statens Kunstakademi  har ho vore festspillutstillar i Bergen i 1989 i tillegg til fleire store separatutstillingar i Norge og utlandet. Jæger sine verk er kjøpt inn ved ei rekkje norske og utanlandske institusjonar. Ho har laga fleire offentlege utsmykkingar, mellom anna for Rikshospitalet og Universitetet i Agder. I 2010 vart Jæger utnemnt til riddar av 1. klasse av St. Olavs Orden for sin innsats for norsk biletkunst.  

Praktisk informasjon

Om arrangøren

Blir arrangert av

Hå gamle prestegard

Om staden

Namn

Hå gamle prestegard