Utstilling: Tobias Sternberg

lørdag 29. mars 2014 kl. 14.00

29. mars - 1. juni 2014

Tobias Sternberg 
Playing God - Playing War 
skulptur / installasjon
 

Tobias Sternberg arbeider med krysninga mellom born sin leik med leiketøysoldatar, vaksne menn som bygger kompliserte modeller relatert til krig og tenåringar som blir sett inn i reelle krigssoner etter berre få månadar med trening og med eit nytt våpen i handa.  Ved å sjå på ulike haldningar til krig kan me kanskje finne kva haldingar samfunnet har til krig og kvifor me har desse haldningane. I tillegg til temaet krigsleiker undersøkjer Sternberg  oppofringsmytologien frå eit kristenst perspektiv gjennom si kunstverksemd.

I utstillinga på Hå gamle prestegard får me sjå installasjonar og skulpturar knyta til temaet krig. Sternberg arbeider ofte med å lage situasjonar og tablå. Arbeida i utstillinga er ei blanding av frittståande skulpturar og installasjonar som flyter over i rommet dei blir synt i.   

Tobias Sternberg (fødd 1973) vaks opp i Sverige. Han studerte kunst ved Goldsmith's College i London og har i tillegg studert filosofi, historie og kreativ skriving.  Sternberg er representert ved Krupic und Kersting Gallery i Cologne, Tyskland og bur og arbeider no i Berlin.

Legg til hendinga i din kalender