UTSTILLING: Alexander Lislerud

lørdag 25. januar 2014 kl. 14.00

25. januar - 23. mars 2014

Alexander Lislerud
SKULPTUR / TRYKK

Første gong me møtte Alexander Lislerud var sommaren 2013 då han vart invitert som ein av dei norske deltakarane i gruppeutstillinga The Art of not Making.
Lislerud har ein humoristisk tilnærmingsmåte, samstundes at han kommenterer samtida. I kunsten leiker han mellom anna med tankar rundt ei fiktiv evolusjonskurve. Kva artar vil overleve i framtida og kven vil bli borte? Kunstnaren bruker element frå popkulturen og frå kunsthistoria.


På utstillinga i gamle fjoset og stallen på Hå gamle prestegard vil kunstnaren syne nye arbeid av rustfritt stål. I tillegg kjem han til å syne grafiske arbeid. Fleire av desse arbeida har òg sterke referansar til kunsthistoria. Mellom anna til den japanske kunstnaren Takashi Murakami (1962). Murakami vart mellom anna kjend i Japan for å ta bort skilje mellom høg og låg kunst.


Alexander Lislerud (1982) bur og arbeider i Oslo. Han gjekk ut med Mastergrad i Kunstfag frå Kunsthøyskolen i Oslo i 2011. Trass i den ferske utdanninga har Lislerud hatt fleire separatutstillingar, delteke på gruppeutstillingar og vunne fleire utsmykkingskonkurransar, mellom anna ved Scandic Hotell Vulkan i Oslo i.
 

Legg til hendinga i din kalender