Utstilling: Elin Høyland

lørdag 25. januar 2014 kl. 14.00

25. januar - 23. mars 2014

Elin Høyland
Tid til å vente 
Fotografi frå garden Bjelland i Hå kommune

 

Opning ved Tora Åsland

Hå gamle prestegard inviterte fotograf Elin Høyland til å dokumentere småbruket Bjelland i Hå kommune. Dette har blitt ein nydeleg dokumentasjon av ei lang gardshistorie og av ein mann som syner at det framleis er menneske som lever slik som Edvard Bjelland i dagens Noreg. I 1997 fekk han Hå kommune sin kulturvernpris for arbeidet han har gjort med våningshuset og for å ta vare på tunet saman med steingardar og uthus. I 2014 har forfallet på våningshuset tatt til for fullt. Om huset ikkje skal forfalla heilt må tiltak skje raskt. Kva skjer med eigedomen når eigaren fell bort? Kven er det sitt ansvar å ta vare på slike stader?

Elin Høyland er fotograf i Dagens Næringsliv, men har i mange år drevet med eigne fotoprosjekt. Ho har vunne prisar i både Pressefotografenes klubb sin årlege konkurranse, og i utanlandske konkurransar. Hennar første fotobok «The Brothers» (Brødre) kom ut i 2011 (www.dewilewispublishing.com). Boka vart av den engelske avisa The Guardian kåra til ein av dei 12 beste fotobøkene utgitt det året. Bokprosjektet var resultatet av ein langvarig relasjon til to eldre brør som budde saman gjennom heile livet i Gudbrandsdalen. «The Brothers» er bakgrunnen for at Hå gamle prestegard inviterte Høyland til å dokumentere Edvard Bjelland og hans gard.

Sjå innslag på NRK her. 

Legg til hendinga i din kalender