Utstilling: Andrej Tarkovskij

lørdag 26. januar 2013 kl. 14.00

26. januar - 24. februar 2013

Andrej Tarkovskij
Bright, Bright Day 
polaroidfoto 1979-1984

Opning ved Kari Brandtzæg

Andrej Tarkovskij (1932-1986) blir sett på som Russlands viktigaste filmskapar. Sjølv om han berre fekk laga 8 spelefilmar før han døde blir kvar film sett på som meisterverk, ikkje berre i Russland, men og blant filmkjennarar verda over. Filmane til Andrej Tarkovskij har ofte metafysiske tema, lange samanhengande filmopptak og visuelt nydelege bilete og ofte draumeaktige tablå. Han debuterte med langfilm med det tidvis poetiske krigsdramaet Ivans Barndom i 1962, ein film han fekk Gulløven under filmfestivalen i Venezia for. Hans mest poetiske film blir av mange sett på som Speil. 54 år gammal døde Tarkovskij av kreft i Paris. Han vart gravlagt på ein gravplass for russiske utvandrarar i byen Sainte-Geneviève-des-Bois utanfor Paris. På gravsteinen er det gravert på russisk: Mannen som såg engelen.

I tillegg til å arbeide med film var Tarkovskij ein dyktig fotograf og arbeida mykje med å utforska moglegheitene til polaroidkameraet. Utstillinga på Hå gamle prestegard består av
polaroidfoto frå arkivet til Tarkovsky Foundation som blir ivareteke av sonen, Andrey A. Tarkovsky. Fotografia er tekne i Sovjet og Italia mellom 1979 og 1984. Fotografia tydeleggjer
filmskaparane sin sans for komposisjon og poetisk framstilling. Dei har ofte eit mystisk slør og eit spesielt lys som på mange måtar gjenspeglar filmane hans. Fotografia er ein portfolio produsert i eit avgrensa opplag av White Space Gallery i London og Tarkovsky Foundation og er utlånt til Hå derifrå. Serien vart produsert i 2007 som ei markeringa av at det var 75 år sidan filmskaparen blei fødd.

Tarkovskij står mellom anna bak filmane Ivans barndom (1962), Solaris (1972), Speil (1974), Stalker (1979) og Offeret (1986). Filmane vil bli vist som ein del av
utstillinga.

Legg til hendinga i din kalender