Utstilling: Amanda Beech og Alison Jones

lørdag 2. mars 2013 kl. 14.00

2. mars - 14. april 2013

Alison Jones og Amanda Beech 
The Objects of Culture
video og måleri

I utstillinga The Objects of Culture ser dei britiske kunstnarane Amanda Beech og Alison Jones på same tema med ulik tilnærmingsmåte: begge ser på det tiltalande med å væra synleg, ønskje om å vera synleg og på kva måtar denne synlegheiten er kopla til makt. Kva makt har fotografi, måleri og andre visuelle uttrykk? Kunstnarane spør óg om kva kultur er og kva som definerer kultur. Kva bilete, idear og tankar samlar me rundt det me kallar «vår kultur»?

Utstillinga ser på desse spørsmåla frå ulike perspektiv. Alison Jones undersøkjer med sarte akvarellar korleis me ser, korleis me blir sett på og korleis subjekt kan bli til objekt ved hjelp av blikket. Amanda Beech sine arbeid presser publikum inn i eit videoarbeid som undersøkjer makt og maktstrukturar. Kunstnarane ønskjer å setje fokus på spørsmåla kring korleis med verdset kunst, kva kunst bør vera og korleis me bestemmer kva kunst er.

Alison Jones underviser i Fine Art ved Goldsmiths University of London og Amanda Beech er dekan i Critical Studies på Cal-Arts, USA. Dei er begge aktive i diskusjonen kring politikk og kunst i England og USA.

Amanda Beech, Final Machine, still - Klikk for stort bilete
Alison Jones - Klikk for stort bilete
Alison Jones, Entering the dining room, watercolour on paper, 152 x 121 cm - Klikk for stort bilete
Amanda Beech, Final Machine, still - Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender