Utstilling: Juan Andres Milanes

lørdag 20. april 2013 kl. 14.00

20. april - 2. juni 2013

Juan Andres Milanes
Mind the Gap 
maleri og skulptur

Hå gamle prestegard inviterer Juan Andres Milanes attende til Jæren i samband med markeringa av at kunst- og kultursenteret er 30 år i år.

Sist me presenterte kunstnaren var i 2009 etter å ha sett ein svær skoskulptur av han på Høstutstillinga. Milanes arbeider framleis med store skulpturar og skisseprega teikningar på lerret, men kjem til å vise nye arbeider når me no får eit gjensyn. Den eine skulpturen Milanes syner er Analyzing-sanity som er avstøyping av sju liftar laga i epoxy, glasfiber og plastikk. Desse er plassert oppå ei gruppe tørkestativ. Milanes sine skulpturar er ofte svært like verkelege objekt og ein lurer på om dei spinkle tørkestativa kan halde dei massive jernmaskinane.

Kunstnaren seier at hans arbeid er “readymade, that has been made”. Ved å laga objekt som ser ut som verkelege objekt snur han opp-ned på ready-made tradisjonen. Milanes utforskar òg på kva måtar me oppfattar objekta annleis i eit gallerirom, enn om me ser dei same objekta der dei opprinneleg var meint til å vera. Verket CW, som blir vist i stallen, er eit godt eksempel på korleis eit objekt endrar meiningsinnhald når det blir teke frå sin opprinnelege kontekst. Men også heile rommet den blir presentert i endrar seg. Når ein vask blir så naturlik som CW spør ein seg ikkje kvifor ein vask er plassert i eit galleri, men kvifor galleriet er gjort om til eit rom med ein vask i.

Juan Andres Milanes Benito (1978)bur og arbeider i Oslo. Milanes er utdanna ved Statens Kunstakademi, Oslo (2009) og har hatt fleire separatutstilling og delteke på gruppeutstillingar både i Skandinavia og i Latin Amerika.
 

Legg til hendinga i din kalender