Utstilling: Eit bilete for proletariatet

lørdag 8. juni 2013 kl. 14.00

8. juni - 25. august 2013

Eit bilete for proletariatet 
Russiske plakatar 1920 – 1939

Opning ved kunsthistorikar Kari Brandtzæg

Mange av dei russiske plakatane frå sovjettida er i dag kjende plakat-klassikarar. Eit utval av desse plakatane, utlånt frå Russlands nasjonalbibliotek i St. Petersburg, kan ein sjå på Hå gamle prestegard i sommar. 

Bruk gatene som penslar. Plassane er vår palett, skreiv den revolusjonære diktaren Vladimir Majakovskij kort tid etter revolusjonen i 1917. Kunsten skulle ikkje lenger vera for dei få, men i staden bidra til å skapa eit nytt samfunn i tråd med dei nye revolusjonære ideala. Med revolusjonen som bakteppe skulle kunsten og kunstnaren sin plass i samfunnet omformast. Kunsten skulle koplast til livet. Plakaten trekte derfor til seg ei rekkje kunstnarar. Fleire av desse blir i dag rekna blant dei mest kjende innan russisk avantgarde. Dette er kunstnarar som Dmitrij Moor, Aleksandr Rodtsjenko, Varvara Stepanova, El Lisitskij, Gustav Klutsis, brødrene Stenberg og Vladimir Lebedev. Likestilling mellom kjønna var eit viktig kommunistisk prinsipp, og dette var ein av dei første periodane i historia kor kvinnelege kunstnarar blei verdsette på lik linje med sine mannlege kollegaer. Gjennom formeksperiment og nyvinnande design skapte kunstnarane ei heilt ny form for plakatkunst, med fokus på verkemiddelbruk og eksperimentell typografi.

Knapt nokon periode har hatt større innverknad på kunsten i det 20. hundreåret enn nettopp denne. Den russiske avantgardens nyvinningar og revolusjonære idear har fungert som modell og inspirasjonskjelde for svært mange av 1900-talets arkitektar, kunstnarar og kunstnariske rørsler, og gjer det framleis den dag i dag.

Legg til hendinga i din kalender