Utstilling: The Art of Not Making

lørdag 8. juni 2013 kl. 14.00

8. juni - 25. august 2013

The Art of Not Making
Å laga eller ikkje laga

Opning ved kunstnar og kurator Michael Petry.
Mike Kelley, Per Barclay, Richard Wilson, Gavin Turk, Jan Vercruysse, Joseph Havel, Liliane Lijn, Meekyoung Shin, Mark Hampson, Angela de la Cruz, Michael Petry, Denise Hawrysio, Guðrún Benónýsdóttir, Rebecca Scott, Carlos Noronha Feio, Jens Erland, Viel Bjerkeset Andersen, Ole Alexander Lislerud, Haim Steinback.

Kan ein kalla det kunst sjølv om kunstnaren ikkje har sett verket før det er ferdig? I sommar syner Hå gamle prestegard ei stor internasjonal gruppeutstilling med kunstnarar som ikkje produserer kunsten sin sjølv.

Kva er forskjellen mellom ein kunstnar og ein handverkar? Korleis kan ein skilja kunst frå handverk – og er dette naudsynt? Kva er forbindelsen mellom den kreative prosessen og produksjonen? Kva er kunst og kvar er kunstnaren? Tendensen innan den visuelle kunsten dei siste åra er at fleire og fleire kunstnarar går bort frå konseptuell og dematerialisert kunst og fattar ny interesse for kunstobjekt utført med solid handverk. Mange kunstnarar overlet difor utforminga av det fysiske kunstverket til fagfolk med spesialkompetanse.  I 1967 publiserte den franske teoretikaren Roland Barthes eit essay der har erklærte ”død over forfattaren”. I følgje Barthes skapar ikkje forfattarar og kunstnarar noko nytt eller genuint. Kunstnarar har respondert forskjellig til teorien. Nokre har oppfatta det slik at ein kunstnar umuleg kan laga eit originalt kunstverk. Andre har sett teorien som ei styrking av kunstnaren sin suverenitet og ei stadfesting av at kunstnaren er friteken frå det å produsera kunsten sjølv. Dersom den som lagar eit kunstverk ikkje har innverknad på verket si meining, kvifor ta seg bryet med å laga kunsten? Men det er og dei som er av ei anna meining. I 2012 sa kunstnaren David Hockney at all kunst burde verta laga av kunstnaren sjølv. Med dette utsegnet forkastar han ikkje berre arbeida til Duchamp, Koons og Hirst, men og arbeida til dei gamle meistrane som Michelangelo, Rubens og Rembrandt.

Utstillinga på Hå gamle prestegard presenterer eit utval av kunstnarar som praktiserer forskjellige oppfatningane av, og løysningane på, det å laga kunst og set fokus på dei aktuelle problemstillingane innan dagens kunstproduksjon.  Hå gamle prestegard har med denne utstillinga samarbeida med kunstnar og kurator Michael Petry som lenge har vore oppteken av temaet.  I 2012 kom han ut med boka «The Art of not making». Tema for utstilling og bok vart nærare diskutert på eit symposium på Hå gamle prestegard 21. august der mellom anna fleire av deltakarane på utstillinga deltek.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd. 

Sjå innslag frå NRK her. 

Legg til hendinga i din kalender