UTSTILLING: Gunnar Torvund

lørdag 31. august 2013 kl. 14.00

31. august - 20. oktober 2013

Gunnar Torvund
skulptur / grafikk

Opning ved Harald Flor

Ein av dei som først hadde utstilling då Hå gamle prestegard opna i 1983 var Gunnar Torvund. På dei 30 åra prestegarden har eksistert har Torvund hatt fleire utstillingar her. Mellom anna vart det laga ei større utstilling i 2005 i samband med Torvund si utsmykking av den nye kyrkja på Nærbø. Denne gongen får me eit tilbakeblikk på det kunstnaren har arbeida med dei siste 30 åra. I tillegg får me sjå heilt nye arbeid, i kjend Torvund stil med humor, alvor, djup utforsking og letthet.

Gunnar Torvund debuterte på Høstutstillingen i 1971 og har 40 år vore ein sentral skikkelse i norsk kunstliv. Torvund er utdanna ved Det Kongelige Kunstakademi i København og Kunstakademiet i Oslo og er kjøpt inn av mellom anna Norsk Kulturråd og Nasjonalgallerie

Legg til hendinga i din kalender