UTSTILLING: Kurt Johannessen

lørdag 31. august 2013 kl. 14.00

31. august - 20. oktober 2013

Kurt Johannessen 
OM DET UTAN MEINING OG LITT TIL
installasjon

Opning ved Roar Houen

Kurt Johannessen er invitert til å ha utstilling på Hå gamle prestegard i samband med Hå gamle prestegard, Hå Kulturtorg og Hå folkebibliotek si satsing på litteratur – På terskelen til morgonhuset. Utstillinga er basert på bokserien "Om noko". Bøkene "Om pust", "Om det utan meining", "Om tankar" og "Om det innarste, er alle kome ut i år. Bøkene vil bli presentert, saman med store teikningar som har utgangspunkt frå teikningar i bøkene. Om boka «Om Det utan meining» seier Johannessen: «Om det utan meining er ikkje det same som det meiningslause. Det meiningslause har ein særs negativ klangbotn, då det inneheld så lite god meining. Det viser seg at det utan meining er noko heilt anna. Det er fristilt frå alt som har med meining å gjere. Dette, og meir meiningsfull informasjon om det utan meining, vil ein finne i denne boka». Som ein del av utstillinga vil Johannessen ha peformanceforedrag frå nokre av bøkene 1. september.

Kurt Johannessen er utdanna ved Vestlandske Kunstakademi i Bergen samt i Reykjavík og London. Han byrja med teikning og grafikk og arbeida seinare med skulptur i ulike materiale.  Han har sidan midten av 1980-åra arbeida mykje med bøker og performance.

 

Legg til hendinga i din kalender