Utstilling: Svein Flygari Johansen

lørdag 31. august 2013 kl. 14.00

31. august - 20. oktober 2013

Svein Flygari Johansen
White Scenes 
installasjon

Opning ved Roar Houen

Svein Flygari Johansen har sidan 90-talet hatt ei sentral rolle i den norske kunstscena. Johansen arbeider med særskilt teknologi og nyttar dette som ein del av sin kunstpraksis. Kunstnaren har eit tett samarbeid med dataprogrammeraren Jonny Bradley og dei har saman utvikla fleire verk. White Scenes handlar mellom anna om frykt og korleis mange folk blir tiltrekt av det som dei fryktar. Tittelen på utstillinga spelar på korleis den russiske filmregissøren Andrej Tarkovskij brukte fargen kvit for å understreka frykt i fleire av sine filmar. Alle verka i utstillinga kan sjåast på som om det er noko skjebnesvangert som ligg å lurer under overflata, trass i den forsiktige og ofte poetiske overflata.

Svein Flygari Johansen er utdanna ved Statens kunsthøgskole i Bergen og Det Kongelige Kunstakademi i København. Johansen har dei siste åra arbeida mykje i utlandet og var i 2012 mellom anna «ukens kunstner» i The Guardian. Johansen arbeider med tema som identitet og kva forhold me har til naturen i moderne tid.

Legg til hendinga i din kalender