Utstilling: Frå Åsgardsrei til halloween

lørdag 26. oktober 2013 kl. 14.00

26. oktober 2013 - 19. januar 2014

Frå Åsgardsrei til halloween
tradisjon og høgtid

Opning ved Eva Watne og Elisabeth Søyland

Kva tradisjonar feirar me i 2013? Er dei gamle? Kva betyr dei? Korleis var dei før? Kvifor feirar me dei no? Kvar kjem dei ulike tradisjonane og skikkane frå? Frå tid til anna får me inn nye feiringar og markeringar. Kvar kjem desse frå? Og kva er det som gjer at me tek dei til oss? Ulike tradisjonar har ofte utgangspunkt i maktkamp mellom mørke og lys, vondt og godt. Har dei nye tradisjonane også dette i seg? Er denne todelinga noko som ligg så djupt i menneske at me framleis knyt tradisjonar opp mot dette? Frå åsgardsrei til halloween er ei utstilling om høgtider med vekt på kunnskap og innleving, på oppleving, film og historiske tilbakeblikk. Men òg på samtida og tendensane for korleis tradisjonane har utvikla seg. Somme tradisjonar er som ein «global event», andre er heilt spesielle for oss.

Utstillinga er støtta av Norsk kulturråd og Vennelaget for Hå gamle prestegard gjennom midlar frå Sparebankstiftelsen

Legg til hendinga i din kalender