Utstilling: Terry Nilssen-Love

lørdag 3. mars 2012 kl. 14.00

3. mars - 15. april 2012

Terry Nilssen-Love
måleri / teikning 

I gamle fjoset syner Terry Nilssen-Love (1942) nye måleri og i hovedhuset får me sjå nye svart/kvitt-teikningar. Om arbeida sine seier kunstnaren sjølv at «Mine maleri har de siste årene beveget seg i en friere retning, i motsetning til de mer geometrisk strukturerte komposisjoner fra tidligere år. Likevel, det som fremdeles opptar meg er søken etter balanse mellom orden og kaos.»  Vidare seier han om sitt forhold til musikk at: «Improvisert musikk ligger nærmest mine egne tanker om utvikling av visuelle idéer. Jeg oppfatter paralleller mellom jazzmusikeren som komponerer samtidig med at han spiller. Jeg søker samme form for kreativitet når jeg maler.»

Terry Nilssen-Love er fødd i Wallingford i 1942 og flytta til Noreg i 1974. Han har mellom anna utdanning frå The Slade School of Fine Art og Goldsmiths College School of Art. Han har hatt eit rekkje utstillingar i Noreg og utlandet og er kjøpt inn av mellom andre Norsk Kulturråd og Rogaland Kunstmuseum.

Lansering av boka Terry Nilssen-Love med tekst av Lau Albrektsen på opningsdagen. Dei første 250 kjøparane får med eit originalt grafisk blad.

Legg til hendinga i din kalender