Utstilling: Ola Enstad

lørdag 3. mars 2012 kl. 14.00

3. mars - 15. april 2012

Ola Enstad
Chongqing - Beijing - Hå 
foto / skulptur 

Me er glade for endeleg å kunne presentere arbeida til Ola Enstad på Hå gamle prestegard. Utstillinga består av arbeid frå 1980 og framover. Mange av skulpturaneblir her vist for første gong. Kunstnaren vart i 2005 invitert til å undervise ved skulpturavdelinga på Sichuan Kunsthøgskule som ligg i provinsen Chongqing i Kina.

Resultatet blei fleire lengre opphald, der nye skulpturar kom til i den velutstyrte verkststaden til skulen. Noko av resultatet, 15 skulpturar i bronse, får me sjå på nye løa i mars og april. I nye fjoset syner Enstad fotomontasjar og fotogram. Fotogram er ein særeigen teknikk der bilete blir laga ved hjelp av fotopapir, framkallar og fiksersalt – utan bruk av kamera og mørkerom.

Ola Enstad (1942) er utdanna ved mellom anna Statens kunstakademi. Han debuterte på Høstutstillingen i 1970, og med separatutstilling i Kunstnerforbundet i
1973. Enstad er mellom anna representert ved Det Moderne Museet i Sao Paulo i Brasil og Det kinesiske nasjonale museet for samtidsskulptur. I Noreg er han kjøpt inn av mellom andre Norsk Kulturråd og Nasjonalgalleriet. Enstad har om lag 30 skulpturar på offentlege plassar i Noreg, blant desse er Pedagogisk skulptur ved Universitet i Stavanger. Han står bak fleire større utsmykkingsoppdrag, mellom anna Dykkarskulptur der ein ser froskemenn som svever mot Akerselva i Oslo.
Lansering av boka "Den som har noko å fara med – han fér", med tekstar av mellom andre Jogrim Nordsletten, Kjartan Fløgstad og Jon Hellenes. Redaktør Stig Andersen. Boka handlar om ferda frå Chongqing til Hå via Beijing.

 

Ola Enstad. Installasjonsfoto frå nye løa. To rekker med bronsehovud på soklar. Ein nedst i midten.  - Klikk for stort bileteOla Enstad Hå gamle prestegard

 

 

Legg til hendinga i din kalender