Utstilling: Orla Barry

lørdag 3. mars 2012 kl. 14.00

3. mars - 15. april 2012

Orla Barry
Portable Stones
video 

I mellomlåven på Hå gamle prestegard møter me den irske kunstnaren Orla Barry og videoverket Portable Stones. Arbeidet er konstruert på same måte som eit dikt - utan noko tydeleg hendelsesforløp. Her utforskar kunstnaren mellom anna sitt eige morsmål og ulike problem kring kommunikasjon. Kva skjer når språket blir ei hindring? Me møter ei ung kvinne som forlet bustaden sin og reiser til ein grå kyrkjegard og byrjer å undersøkje denne. Samstundes får me eit innblikk i ei anna hending der det blir fortalt om ein mann som bur åleine på ei aude øy. Er dette ei historie som finn stad eller er det berre noko som eksisterer i hovudet på kvinna? Monolog er ofte ein viktig del av Barrys arbeid. Dette verkemiddelet nyttar ho òg i Portable Stones, og ho seier at “with monologue and voice-over you can give anything a voice, even a stone or a piece of seaweed”.
Videoen er om lag 1 time lang og vil bli satt opp med 15 minutt mellomrom i mellomlåven på Hå gamle prestegard.

Orla Barry er født i Irland i 1969. Sjølv om ho har budd i Belgia i over 10 år, er det framleis Irland som er den største inspirasjonskjelda, og det er her ho produserer dei fleste arbeida sine. Ho har hatt fleire større utstillingar både i Irland, Brussel, Milano, London og Amsterdam.

Legg til hendinga i din kalender