Utstilling: Terje Resell

lørdag 21. april 2012 kl. 14.00

21. april - 3. juni 2012

Terje Resell
grafikk 

I gamle fjoset på Hå gamle prestegard får me eit gjensyn med koldnålsraderingane til Terje Resell. Bileta hans er lett gjennkjennelege med blandinga av lette skisseprega streker og breide linjer.

Om motiva seier kunstnaren sjølv:
"Jeg forsøker å uttrykke noe av hva det vil si å være menneske. Jeg jobber med å få streken til å bli levende. Forarbeidet ligger i skissene jeg lager, som kan ta tid. I selve platen må det skje med en viss hastighet for å få det spontane med. Jobben ligger på en måte liksom før jeg tar fatt på kobberet. Nålens gang i platen gir liv til streken."

Arbeida blir til ved at han rissar motivet inn i ei kobberplate med koldnål, ein teknikk der alt må stemma ved første forsøk, for det er ikkje mogleg å ta bort streken når den første er der. Plata blir satt inn med farge for hand før kvart trykk. All trykking blir gjort av kunstnare sjølv.

Terje Resell (1949) bur og arbeider i Fredrikstad. Han har hatt ei rekkje separat- og kollektivutstillingar i inn- og utland dei siste åra. Han er utdanna ved Statens Håndverks- og Kunstindustriskole og er kjøpt inn av mellom anna Nasjonalgalleriet, Norsk Kulturråd og Bergen Billedgalleri

Legg til hendinga i din kalender