Utstilling: Synnøve Øyen & John K. Raustein

lørdag 21. april 2012 kl. 14.00

21. april - 3. juni 2012

Synnøve Øyen & John K. Raustein
I samspill II
tekstil 

John K. Raustein og Synnøve Øyen vart kjent med kvarandre på Kunsthøgskolen i Bergen i 1995. Begge har eit sterkt forhold til materialitet og utforsker heile tida kva som er mogleg med dei materiala dei nytter. Interesse for kvardagsmateriale er òg noko dei har felles.

Mange av Rausteins arbeid består av store mengder tekstil. Ved hjelp av enkle grep og teknikkar, utnytter og presser han tekstila til det oppstår nye dimensjonar og uventa rom. Kunnskap om eigenskapa til tekstila og erfaringar frå tidlegare stadsspesifikke verk gjør at kunstnaren kan sei kva som skjer når han handsamar ein tekstil på ein spesifikk måte. Repetisjoner av ulike element og former tilfører volum og variasjon tilfører energi og rørsle. Raustein forenklar, forstørrar og repeterer i et tilsynelatande tilfeldig uttrykk, og på denne måten ønskjer han å fortelle historier. Utforsking av formale problemstillingar, særleg farge og oppbygging av flate og rom er sentralt i Synnøve Øyen sine arbeid. Når me broderer fokuserer me mest på framsida, me har mindre kontroll med kva som skjer på baksida. Synnøve Øyen utnytter dette og ved å skifte på kva som er rettsida når ho syr, synleggjer hun dei delane av syprosessen som er tilfeldige. Hun vekslar mellom det ho kan kontrollere og det som oppstår tilfeldig. Ved å sy på denne måten får ho større variasjon i strukturar og teksturar, og fleire uttrykk å velje i.

 I tillegg til å vise separate arbeid, syner òg Raustein og Øyen eit samarbeidsprosjekt. I dette samarbeidet legger dei vekk klare mål, og improviserer seg fram til former og materiale etter lyst og innfall. Dei skaper eit felles kunstuttrykk som er heilt annleis enn det dei elles arbeider med.

Synnøve Øyen (1974) er utdanna ved mellom anna Kunsthøgskolen i Bergen. Ho byrja å stille ut tidleg og har mange utstillingar bak seg, både i Noreg og utlandet. John K Raustein (1972) er òg utdanna ved Kunsthøgskolen i Bergen. I tillegg til å ha ei lang liste av utstillingar å syne til er han kjøpt inn av mellom anna Nasjonalmuseet.

Legg til hendinga i din kalender