UTSTILLING: JENS ERLAND

lørdag 23. januar 2021 kl. 14.00

23. januar – 14. mars 2021

Jens Erland
BABEL
objekt 

Opning 23. januar kl. 14 ved Finn E. Våga. Arrangementet var berre tilgjengeleg via strøyming. 

Sjå opninga her.

Råmaterialet for Jens Erland si utstilling Babel er brukte biblar nytta som readymades, forvandla visuelt gjennom inngrep. Utstillinga vert vist i stallen på Hå gamle prestegard.

Bibelen vert ofte sett på som ei bok med absolutt sanningsinnhald. Ved å endre synsvinkelen, sjå på boka som eit objekt saman med det tekstlege, har Jens Erland gjennom ulike strategiar kunna lade boka kunstnarisk, poetisk, med eit fleirtydig innhald. Dette bryt ned noko av det absolutte, ein sentral idé ved prosjektet.

Me kjenner soga om Babels tårn frå fyrste Mosebok. Den bibelske forteljinga med tilknyting til det gamle Mesopotamia har vore sentral i den vestlege verda. 

Tårnet vart tidleg eit symbol på menneskeleg trong etter innsikt og makt, men òg på menneska sitt overmot og korleis dette fører til kaos og forvirring. Forteljinga har òg, som så mykje i bibelen, gått inn i språket, slik at babelsk forvirring i dag vert brukt om fullstendig forvirring.

Sentralt i utstillinga er ein stor familiebibel frå 1953, der himmelen over Hå glid sakte over ein skjerm i omslaget, med innslag av eldre kunst. Verket har fått tittel Himmelen over Hå og er gjort i samproduksjon med Fartein Netland.

Jens Erland (f. 1945) er utdanna ved Bergen Kunsthøgskole (1966-1969). Han har ei rekke utstillingar bak seg  i inn- og utland, blant anna på Hå gamle prestegard (i 1996 og 1990). Han har gjort fleire større utsmykkingsoppdrag og er innkjøpt til private og offentlege samlingar nasjonalt så vel som internasjonalt, mellom anna av Nasjonalmuseet for Kunst, Arkitektur og  Design, Kode Bergen og Stavanger Kunstmuseum. Erland har motteke fleire prisar, blant anna Norske Kunsthåndverkeres ærespris i 2017. Sidan 1995 har Erland, med bakgrunn i to familieverksemder, arbeidd med industri-rekvisittar som råmateriale. Tematikken har vore menneske/maskin.

Jens Erland BABEL - Klikk for stort bilete

Klikk for stort bileteKritikk i Stavanger Aftenblad - Jens Erland  

Legg til hendinga i din kalender