UTSTILLING: Brit Dyrnes og Arild Juul

lørdag 29. januar 2011 kl. 14.00

29. januar - 27. februar 2011

Brit Dyrnes og Arild Juul
TAKE AWAY
installasjon 

Brit Dyrnes og Arild Juul syner utstillinga TAKE AWAY – som er ein installasjon i drakta til ein stilisert kaffibar. Rommet er møblert med småbord på svevande lette plexiføter. Me trur at det er rennande porselen – heilt til me ser nærare på det og oppdagar at det er ein illusjon.

Det er kanna som eit konseptuelt tema som dannar grunnideen for installasjonen. Objekt frå loppemarknadar og skapet til bestemor gitt vakuumpressa avstøypingar av plasten. Det me kjenner igjen som gamle kaffetaflar har blitt fråteke sin eigentlige funksjon, og attende står serviset overtrukke som i ei forlaten og stengt sommarstove.

- Lekkert, slik gjennomtenkte kaféinteriør kan vera, men όg urovekkande i all sin distanse.

Kva er det me har mista i dagens speedkaffikultur? Fortida sin eksklusivitet og høgtidsstemning rundt kaffitaffelet er passé, me riv med oss lett tilgjengelige kaffibeger og lagar våre eigne små seremoniar i det offentlige rom – på busstoppet, ved kontorpulten, på ein benk i parken. Samstundes har ”speedkaffikulturen” fått ein motvekt i dei små eksklusive kaffibarane der kunnskapsrike baristaer står for kvalitet og kompetanse for dei med særinteresse for god kaffi.

Den menneskelege dimensjonen i prosjektet vert styrka av fråværet av det organiske, som me gjerne forbinder med det klassiske kunsthandverket. I desse omgjevnadane blir me dregne mellom det uimotståelige og det heslige, og blir minna om iscenesettinga me sjølv skaper gjennom å ferdast i kunsten.  

Brit Dyrnes er utdanna i keramiske disiplinar frå Kunstakademiet i Trondheim og Staatliche Akademie der Bildenden Künste Stuttgart 1974-79. Arild Juul er utdanna ved NTNU og Sydney College of Art. Begge kunstnarane er ein del av kunstnarverkstadene i Atelier Ilsvika i Trondheim.

Legg til hendinga i din kalender