UTSTILLING: Zdenka Rusova

lørdag 20. mars 2021 kl. 14.00

20. mars – 30. mai 2021 

Zdenka Rusova
teikning / grafikk 

 

Opning ved Caroline Ugelstad, sjefskurator ved Henie Onstad kunstsenter og innlegg ved kunsthistorikar Gunnar Danbolt.

Grunna smittevernomsyn blir det ei digital markering. Sjå opninga her.  

Zdenka Rusova er ein av Noregs fremste grafikarar. Ho vart fødd i dagens Tsjekkia i 1939. Oppvekst og studietid var prega av eit krigsramma land som først var okkupert av Tyskland og seinare under sovjetisk styre. I 1958 byrja ho på grafikklinja ved VSUP Kunst- og Handverks-høgskule i Praha. Ho ønskte seg ut og utdanna seg vidare på kunstakademiet i Stuttgart i Vest-Tyskland.

I 1966 ser påtroppande direktør ved Henie Onstad kunstsenter, Ole Henrik Moe (1920-2013), ei utstilling med Rusova i Praha. Dette fører til at ho får eit studieopphald i Norge. I 1970 kjem Rusova attende til landet og blir denne gongen verande. Ho har sidan då vore ein viktig del av det norske kunstmiljøet. Undervisning har heile tida hatt ein viktig plass i kunstnarskapet. Frå 1981 til 1985 var ho tilsett som førsteamanuensis ved Statens Kunstakademi,  i perioden 1985-1987 underviste ho ved Vestlandske Kunstakademi og var samstundes leiar for grafikkavdelinga der. I 1987 til 1996 var ho professor i grafikk ved Statens Kunstakademi i Oslo og frå 1987 til 1992 var ho rektor for same institusjon.

Den store utstillinga på Henie Onstad Kunstsenter i 2019 og Sørlandet kunstmuseum i 2020 var ei stor retrospektiv markering av hennar kunstnarskap.

Utstillinga på Hå gamle prestegard er ei separatutstilling som har kome i stand i samarbeid med Zdenka Rusova med hovudvekt på innlånte arbeid frå kunstnaren og med supplementerande verk innlånt frå Henie Onstad Kunstsenter. Verka i utstillinga er i hovudsak frå 70-, 80- og 90-talet med enkelte referansar bakover og framover i tid. 

I heile karrieren har Zdenka Rusova utforska mellomromma mellom det abstrakte og det figurative. I byrjinga med eit realistisk  utgangspunkt, seinare inspirert av surrealismen, etterkvart mot det heilt abstrakte. Utgangspunktet kunne vera eit andlet eller ein figur og ofte var det med motiv frå sirkuslivet. Ho har dekonstruert og sett saman former og tolka motsetningar og tiltrekkingar. Særskilt har ho sett på konstellasjonane mellom det feminine og maskuline. I fleire av arbeida i utstillinga finn me tolkingar av parforhold og erotikk, både med feminine og maskuline referansar.  

Gunnar Danbolt skriv: Rusova hører til de kunstnere som stadig vender tilbake til sine egne selvskapte motiver, men alltid forholder seg på nye måter til dem. For når hun skaper, er det primært teknikk, form og komposisjon hun konsentrerer seg om, men så kan naturligvis andre aspekter mer eller mindre ubevisst dukke opp. Hun var som sin landsmann Rainer Marie Rilke (1875 – 1926) opptatt av å gå sine egne veier, og hele tiden å forbli i midten av sine verk.

Rusova har heile tida utmerka seg med eit suverent handverk, stor grad av presisjon og teknisk kunnskap. I grafikken har ho, etter 1970, nesten utelukkande arbeida med koldnål. Som regel i svart kombinert med ein farge, som raud, turkis eller gul. Hovud, hår og ulike kroppsdelar er motiv som blir gjentekne gjennom heile hennar produksjon og som ofte har tydelege feminine symbolverdiar.

Ei verksgruppe som kjenneteiknar produksjonen hennar frå 1980-åra er teikningar og maleri i store format. Fargane her er nyansar av raudt og rosa, samt grått og svart og motivet kan somme gonger minne om landskap. Utføringa er prega av spontanitet og penselstrok er påført med store, kraftfulle gestar.

Etter hvert begynte jeg å jobbe mer med motiver som minner om landskap og natur. Mange av dem er ganske voldsomme i uttrykket, men selv om de også kommer fra meg som person, handlet det ikke lenger om et opprør eller en reaksjon på samfunnet rundt. De store rosa og svarte landskapene er mer et forsøk på å få det voldsomme som er inni meg ut, men det er absolutt ingen fiendtlighet eller et behov for selvforsvar som ligger til grunn for disse bildene.

Alle bildene er meg. Alt jeg har laget handler om meg og hva som har skjedd med meg da bildene ble laget. De handler om frigjøring og gjenoppbygging, igjen og igjen.
                Zdenka Rusova frå intervju med Elise Storsveen

Zdenka Rusova sine verk er innkjøpt og representert ved Henie Onstad Kunstsenter, Nasjonalmuseet for kunst, arkitektur og design, Stavanger kunstmuseum og KODE kunstmuseer og komponisthjem i Bergen. Verka hennar er òg å finne i Nasjonalgalleriet i Praha og Tate Gallery i London. Då ho i 1987 vart rektor for Statens Kunstakademi i Oslo, var det som første kvinne i Norden i ei slik stilling. 

 

Zdenka Rusova Foto Thomas Brun NTB Kommunikasjon

 

 

  

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

Kritikk i Stavanger Aftenblad 24. mars 2021 

Legg til hendinga i din kalender