UTSTILLING: DAVID CALDER

lørdag 13. november 2021 kl. 00.00

13. november 2021 - 16. januar 2022

David Calder
SYMBIOSE
objekt

 

Sjå film frå utstillinga SYMBIOSE her.
Filmen er laga med støtte frå Rogaland fylkeskommune.

Les kritikk i Stavanger Aftenblad her. 

 

Opning laurdag 13. november  kl. 14.

Opning ved Jone Schanche Olsen,
psykiater og leiar av Transkulturelt senter ved Stavanger Universitetssjukehus

David Calder har vore fasinert av naturens mange symbiotiske relasjonar sidan barndomen; korleis ulike artar lever tett på kvarandre, der den eine eller begge partane dreg nytte av samlivet. I nye fjoset på Hå gamle prestegard syner Calder nye arbeid der han kombinerer ulike teknikkar, uttrykk og materialer.

Dyktige fotografar har gitt oss fantastiske innblikk i dei symbiotiske tilhøva som ulike skapningar har utvikla. Den symbiotiske relasjonen mellom Gobifisken og Pistolreka er godt dokumentert. Reka, som nesten er blind, graver hulrom stort nok til seg sjølv og fisken. Til gjengjeld har fisken særdeles godt syn og varslar reka om rovdyrs ankomst, slik at dei begge to kan søke ly i sitt hulrom, som reka kontinuerleg reparerer.

Symbiose er eit samarbeid mellom to forskjellige artar som er ein fordel for begge partar.

Med andre ord, en vinn-vinn relasjon. Gallerier, som Hå gamle prestegard, er eksempel i samfunnet på korleis forskjellige partar er fordelaktege for kvarandre; med publikum, kunstnaren og galleriet. Mine arbeid er på eit vis uferdige fram til dei er sett av andre menneske.

Eg  har blitt aukande merksam på dei komplekse relasjonane som er mellom menneske og samfunnet generelt. Eg har levd og arbeidd i over 40 år i nær relasjon med min ektefelle og arbeidspartnar og ser korleis vi utfyller kvarandre.

Utstillinga Symbiose har vært planlagt i over to år. Covid-19-pandemien har skapt eit surrealistisk miljø gjennom heile toårsperioden. Dei fleste menneske trivvst best saman med andre menneske og fungerer best i grupper, der tilhørighet betyr mykje. Pandemien har gitt oss ny innsikt i behovet vi har for å være saman.  Restriksjonar har tvunge oss til å forandre veletablerte adferdsmønstre som vi har tatt for gitt, og i den prosessen har vi skapt nye måtar å omgås på.

Kan ulike former og materialer inngå i en symbiotisk relasjon til kvarandre? Gjennom arbeidet med denne utstillinga har eg utforska ein symbolsk tolkning av symbiose. Eg har arbeidd med former og materialer i en søkande prosess, med utgangspunkt i eit konsept der arbeida har utvikla seg gradvis.  Eg har kombinert samtidsformer med oldtidsfinish, og eg har fått brennlakkert to av mine håndhamra objekter. Eg har plassert organiske og geometriske former saman, og kombinert harde metaller og mjukt tre.

Mitt arbeid med utstillinga starta med ein serie mindre objekt inspirert av Saprofyttar; bakteriar og organismar, som spelar ei livsviktig rolle i naturens syklus.  Nedbrytninga av organisk materiale gjennom forråtning er heilt avgjerande for vår eksistens på jorda. Derifrå gjekk eg vidare med større objekt som syner til symbiose i samfunnet. Eg har valgt å inkludere tre arbeid frå min tidlegare utstilling My inside out, som ein referanse til dei større arbeida i brennlakkert aluminium.  Arbeida Gradient 1 og II er laserkutta og sveisa i aluminium. Eg har håndhamra objekt i kobber og messing, TIG sveisa, hardlodda og brukt ulike patineringsteknikkar på min verkstad i Tou Atelierhus, Tou Scene, Stavanger.

David Alexander Calder (f.1955) er utdanna korpussmed frå London under William Comyns Ltd /Sir John Cass College of Art, London (5 år) og med Diplom MGH (2 år) frå Guldsmedehøjskolen i København. Han har arbeidd i Norge som kunsthandverkar sidan 1982 og er medlem av Norske Kunsthåndverkere. Calder er innkjøpt av Bergen-, Trondheim-, Oslo Kunstindustrimuseer, og av  Nasjonalmuseet. Han er òg innkjøpt av fleire private samlarar.

Saman med partnaren Linnéa Blakéus Calder har han utforma og laga nytt kyrkjesylv til Stavanger domkirke og skulpturane SEREPTAS KRUKKE og RESONANS til Tou Scene.

 

Utstillinga er støtta av Regionale prosjektmidler for visuell kunst og Norsk kulturråd.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender