UTSTILLING: Mari Slaattelid

lørdag 20. mars 2021 kl. 14.00

20. mars - 23. mai 2021

Mari Slaattelid
I SYLV EIT AUGA
maleri 

Opning ved Gunnar Danbolt. Opplesing ved forfattar Øyvind Rimbereid. Om det grunna smittevernomsyn ikkje blir mogleg å gjennomføre opninga fysisk, blir det ei digital markering. 

I utstillinga I sylv eit auga viser Mari Slaattelid i hovudsak arbeid frå dei fire siste åra. Eit utval små maleri der kunstnaren gjer sitt eige auga til motiv, inngår i utstillinga. Auga og blikket er også tema i ei gruppe større lerret frå 2019. Desse er utførte i tida fram mot festspelutstillinga i Bergen i 2019, men er ikkje tidlegare stilte ut. Dei har tittelen Kystverket.Kompositt og viser eit sjømerke, eller ei farledlykt, i silhuett mot himmelen. Operatøren frå Kystverket står i stigen og justerer lyssignalet. Motivet, som har oppteke Slaattelid gjennom eit tiår, er i denne serien handsama som eit slags ornament, ein «kystfigur» fast i berget, med stong, trekant, stige og i toppen eit menneske. Kystverket-arbeidaren og den livsviktige lykta han rår over er «auga» som ser og blir sett. Eit blåfiolett arbeid på papir og to små grønlege lerret, er andre versjonar av same motiv.

Ei rad gråsvarte landskap på papir har tittelen Landtoningar, eit uttrykk for landet slik det stig fram sett frå sjøen.

Utstillinga viser verk med få og nærskylde grunnmotiv, der variasjonane fyrst og fremst oppstår i dei ulike fargesamansetningane. Paletten varierer frå jordtonar med grønt og grått og milde blåfarger til kraftige gule, rosa og raude fargar. Motiva i maleria varierer frå det lett gjenkjennelege til det nærast abstrakte, der det opphavlege motivet er redusert til enkel, midtstilt form.

Blikket er eit gjennomgåande emne i utstillinga. Det opptrer i sjømerket, der forenklinga av figuren og det trekanta sjømerket kan minna om eit «altsjåande auga». Til grunn for Kystverket-maleria ligg ein serie fotografi, som òg er ei sentral uttrykksform i Slaattelids kunstnarskap. Sidan «Protective» i 2000 (1. prisvinnar i Carnegie Art Award i 2000 og vist på Jæren Meieri, Bryne året etter) har ho arbeidd med fotografi i tett samspel med maleriet.

Mari Slaattelid (f. 1960) er utdanna ved kunstakademia i Bergen, Oslo og Düsseldorf, og bur og arbeider i Oslo. I 2020 synte ho utstillinga Stempel ved Kunstnernes Hus i Oslo og i 2019 festspelutstillinga Kystverket i Bergen Kunsthall. Av tidlegare utstillingsstader kan nemnast STANDARD (OSLO), Astrup Fearnley Museet, Nasjonalmuseet, Linköping konsthall og Stavanger Kunstmuseum. Gruppeutstillingar ved Statens Museum for Kunst (København), The Contemporary Art Centre, Vilnius (Litauen), Museum of Contemporary Art Kiasma (Helsinki), Malmö Kunstmuseum og Galleria d´Arte Moderna Bologna. Dette er kunstnaren si første utstilling på Hå gamle prestegard.

 

Legg til hendinga i din kalender