UTSTILLING: AHMED UMAR

lørdag 13. november 2021 kl. 14.00

13. november 2021 - 16. januar 2022

Ahmed Umar
IN GOD`S HANDS
objekt / fotografi 

 

Sjå film frå utstillinga IN GOD`S HANDS her.

Filmen er laga med støtte frå Rogaland fylkeskommune.

 

Opning laurdag 13. november  kl. 14.
Marianne Hafnor Bøe,
førsteamanuensis i religionsvitskap ved Universitetet i Stavanger


Sidan 2008 har Ahmed Umar markert seg i norsk kunstsamanheng og har motteke fleire prisar for arbeidet sitt.

Ahmed Umar vaks opp i et konservativt Wahabi-samfunn i Mekka, Saudi-Arabia, med sufi-foreldre frå Sudan. Sufisme er ei nemning på religiøs mystikk innan islam. Forskjellen mellom dei to orienteringane er stor og ofte motstridande, trass i at begge er greiner av islam.

Med ei rekkje ulike media utforskar Umar kryssingspunktet mellom kulturelle verdiar, tradisjon og religion. Han nyttar sin eigen personlege historie som protest mot forteiinga av skeive og ukonvensjonelle liv.

I utstillinga IN GOD`S HANDS på Hå gamle prestegard syner han to prosjekt; Glowing Phalanges: Prayer Beads og The Revolutionary Women of Sudan - The Kandakas.

 

Glowing Phalanges: Prayer Beads
Utstillinga består av 33 ulike skulpturar plassert på avstøypingar av kunstnaren si høgre hand som etterliknar bønerørsler. Skulpturane er laga av materiale som ibenholt, mahogni, afrikansk lauvtre, rød palme, eukalyptus, valnøtt, kobbar, aluminium, krokodilleryggskall, kalkstein frå den 19. pyramiden i Meroë (Sudan), leopardskinn, glas, Kiisi kleberstein, bøffelhorn, elfenbein, tørka kuskinn, penisbein frå vaskebjørn, kunstnarhår og tenner og nyrestein frå menneske.

I barndommen i Saudi-Arabia vart Umar opplært til å unngå å bruke bøneperler, medan i Sudan er bruken av desse djupt forankra i familiens tradisjonar. I staden for bøneperler vart han oppmoda til å nytte fingerledda i samband med bøn. Den guddommelege løna for dette skulle vera at kvart fingerledd som vart nytta skulle gløde og lyse opp i mørke på domedag.

Ahmed Umar samlar på «skattar» som er importert til Norge med misjonærar, via turisme eller gjennom mote. Denne eksporten er katastrofal for naturressursane i Afrika. Kunstnaren samlar på suvenirar av mørkt tre, skinn, elfenbein og bein som han finn på nettet og loppemarknadar. I Norge vert gjenstandane brukt som pynt og tekne vekk frå den opphavelege konteksten slik at dei mister sin kulturelle verdi.

Verket er ein del av ein serie installasjonar som handlar om tru og religiøs devaluering og utnytting av afrikanske ressursar.

Til no er det 33 skulpturar, målet er at det skal verta 999 i framtida.

Med verket ønskjer Umar å syne stoltheit for si sudanske arv; spiritualiteten og samfunnet og til kontinentet han kjem frå.

 

The Revolutionary Women of Sudan - The Kandakas

I gamle fjoset syner Ahmed Umar tolv fotografi av sudanske revolusjonære kvinner, Kandakas.  Prosjektet starta under revolusjonen i 2019 og er laga for å heidra sudanesiske kvinner.

Kandaka tyder krigande dronning, og kjem frå Kusjsivilisasjonen. Kusj var eit afrikansk rike i øvre Nubia som strakte seg over deler av Egypt, Etiopia og Sudan og som var på sitt høgdepunkt i perioden 1750-1550 fvt. Kandaka var tittelen til mora og søstera til kongen av Kusj, der arverekka følgde morssida.

I Sudan i dag er kandaka nemninga på modige kvinner.  

I april 2019, etter fire månader med demonstrasjonar, enda det 30 år lange presidentskapet til diktator Omar al-Bashir. Eit demokratisk val vart planlagt i 2023. I oktober 2021 tok dei militære over makta i landet og forårsaka nye kamphandlingar i Sudans hovudstad Khartoum.

Kvinnene spelte ein viktig rolle under demonstrasjonane våren 2019. Til dømes gjekk eit bilete av ei kvinne med peikefingeren i veret viralt. Kvinna ropte revolusjonære slagord ståande på ein bil. Ho vart seinare identifisert som Alaa Salah, men fekk kallenamnet «Kandaka».  

Omfanget av diskriminering og vald mot kvinner i Sudan er omfattande, men sidan 2019 har kvinnene teke ei stor rolle i dei politiske og sosiale endringane som har skjedd i landet. Kvinnene har bidrege til å avskaffe ei rekkje moral-lover som regulerte alt frå hijabbruk og alkoholdrikking, til skilsmisse og barnefordeling.

Fotoprosjektet til Umar er eit forsøk på å danne eit visuelt arkiv som er fritt for påverkingane frå islamiseringa som har føregått dei siste 45 åra under det diktatoriske styret i Sudan. Kunstnaren ønskjer at kvinnene skal framstillast utan skam rundt kropp, hår eller klede, berre med «ein mangfaldig sudansk-heit i rein form».

Fotografia presenterer tolv kvinner kunstnaren har møtt under reiser til Khartoum, Kairo, Paris, New York og Oslo. Alle er kledd med autentiske sudanesiske klede og smykke og tekne i naturleg lys. I kvart foto er det ein «glorie» av Bartal-برتال, eit vakkert utforma matbrettdeksel, laga av kvinner i den vestlege regionen Darfur i Sudan.

Ahmed Umar (1988) har mastergrad i medium- og materialbasert kunst frå Kunsthøgskolen i Oslo (2016). Han har hatt utstillingar ved fleire sentrale kunstinstitusjonar i Norge. Umar har mellom anna stilt ut ved Kunstnernes Hus, Kulturhistorisk Museum (Oslo) og Hannah Ryggen-triennalen. Umar sine arbeid er innkjøpt av Drammens Museum for kunst og kulturhistorie og Oslo Kommunes Kunstsamling.

Legg til hendinga i din kalender