Utstilling: What if?

søndag 29. mai 2011 kl. 14.00

29. mai - 25. september 2011

Obrestad fyr
What if? 
gruppeutstilling 

Kva om? Naturkatastrofe, atomkrig, hól i ozonlaget? Utstillinga presenterer fem kunstnarar som alle har ulik tilnærming til aktuelle problemstillingar mellom menneske og natur

Antti Laitinen (1975 - Finland), It’s my Island - foto / video
Antti Laitinen (1975) byggjer si eiga øy ved å dra to hundre sandsekker ut i sjøen, noko som tok han tre månadar. I foto- og videoarbeid ser me korleis kunstnaren strever med det tunge arbeidet – heilt til me kan sjå ei lita øy dukke opp midt i det store havet. Arbeidet har mellom anna vore vist på KIASMA, Helsinki og Royal Academy of Arts, London.

Lemn Sissay (1967 - UK), What if? - video
Arbeidet ser på den retninga evolusjonen har teke menneska sidan Darwin gav ut “Artenes opprinnelse” for 150 år sidan. Me får skiftvis sjå musikarane som set musikk til diktet og kontrasten mellom yrande byliv og isbreane som smeltar medan Sissay gjentek spørsmålet: ”Kva om me tok feil?”. Arbeidet har mellom anna vore vist på Royal Academy of Arts.

Darwin Originals: What if? (Lemn Sissay) - YouTube

True Solvang Vevatne (1978 - Norge), A. Hansens strategi - installasjon
True Solvang Vevatne tek i bruk ein av bunkerane ved Obrestad fyr som står igjen etter 2. verdskrigen. Kunstnaren tek utgangspunkt i at menneska allereie har øydelagt kloden og at ”dommedag” er nær. Eit tilfluktsrom er innreia for å dekkje behov ved moglege krisesituasjonar som naturkatastrofar, miljøkatastrofar, krig og verdas undergang. Rommet inneheld gjenstandar og apparat som gjer at ein kan leve i bunkeren over lengre tid. Utgangspunktet for verket er ei gruppe i USA som kallar seg ”The preppers” som har store lager med mat og vatn i heimane sine for å kunne klara seg gjennom ei kvar krise som måtte oppstå.

Rob Smith (1976 - UK), Radiometer - installasjon
Den britiske fysikaren og kjemikaren Sir William Crookes (1832-1919) fant opp radiometeret i 1873. Crookes meinte at metallblada i eit spesielt apparat rørte seg ved hjelp av lyset. Han tok feil. I arbeidet nyttar den britiske kunstnaren Rob Smith eit slikt radiometer. Arbeidet blir fotografert, og bileta dannar ein animasjon som ein kan følgje på Obrestad eller via internett. Animasjonen blir eit opptak av den påverkinga lyset har, og endrar seg difor etter lysforhalda. Frå 10. juni vil arbeidet få eit nattleg motstykke når arbeidet ”Beacon" blir å sjå på The Agency i London og på nett.

Yael Bartana (1970 - Israel), Kings of the Hill – video
Me kjem tett innpå firehjulstrekte bilar som køyrer i sanddynene utanfor Tel Aviv. Videoen har eit maskulint uttrykk som blir forsterka av eit høgt og bråkete lydspor. Bartana arbeider hovudsakleg i heimlandet, der ho har fokus på rituale og gruppeaktivitetar og nyttar dette som metaforar på politiske, militære og sosiale motsetnadar. Arbeidet har mellom anna vore vist på MOMA, New York og Royal Academy of Arts, London.

 

 

Legg til hendinga i din kalender