UTSTILLING: JONE KVIE

lørdag 4. juni 2022 kl. 14.00

4. juni - 28. august 2022

Jone Kvie
skulptur / objekt 

Hå gamle prestegard er glade for å kunne presentere arbeid laga av Jone Kvie i perioden 2019-2022.

Mange assosierer Kvie med arbeid som referer til romfart, meteorittar, satellittar og utanomjordiske overflater.

Dei seinare åra har kunstnaren endra uttrykk. Objekt og skulpturar har fått ei enklare, strammare form. Sjølve materialet, som han alltid har vore oppteken av, har fått større plass.

Kunstnaren finn ofte inspirasjon i gjenstandar og ting som er tilfeldig plassert rundt oss. Det kan vera røyr og gjerdestolpar, metall-vaierar og vegkjegler. Gjenstandane kan ofte ha hatt eit tidlegare formål, men står no ubrukelege og til overs. Som noko nokon har gløymt å rydde vekk.

I utstillinga på Hå gamle prestegard syner Kvie mellom anna fleire arbeid frå Her, her-serien. Dei består av ei gruppe arbeid inspirert av enkle stålrøyr eller trekonstruksjonar. Fleire av arbeida er støypt i ei betongblokk som ser ut som ho er riven opp frå bakken.

Arbeida i utstillinga inneheld fleire lag med transformasjon. Første laget er det funne objektet, neste lag er ei ny tolking i liknande materiale som den originale, og det siste laget er det ferdige arbeidet støypt i bronse utforma av betong eller marmor. I den siste fasen kan me framleis kjenne igjen det som var utgangspunktet, men verket synar seg heilt annleis der det er plassert i utstillingsrommet i nye fjoset på Hå gamle prestegard.

Som skulptør har Kvie ein fascinasjon for eksistensielle spørsmål. Ofte har han som mål at arbeida hans kan fortelje oss, eller hjelpe oss til å fundere over, menneska og deira veren i verda. 

Jone Kvie er fødd i Stavanger i 1971. Han bur og arbeider no i Napoli og Berlin.

Kvie er utdanna ved Vestlandets kunstakademi i Bergen (1993-95) og Kunstakademiet i Oslo (1995-97). Han har stilt ut i galleri og museum i heile Skandinavia, inkludert ARoS Art Museum i Aarhus, Kunstnernes Hus (Oslo), Bergen kunstmuseum, Nasjonalmuseet (Oslo), Malmø kunstmuseum og Göteborg kunstmuseum, Stavanger kunstmuseum og Vigeland museum. Han står bak ei rekkje private og offentlege utsmykkingar og er representert i offentlege og private samlingar inkludert Corcoran Museum (Washington DC), AROS (Aarhus); Nasjonalmuseet (Oslo), Kunstmusea i Malmö, Bergen og Stavanger. I 2022 deltek Kvie mellom anna på documenta fifteen i Kassel, Tyskland og deltek på ei gruppeutstilling på Kunsten Museum of Modern Art, Ålborg, Danmark.

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

  

Legg til hendinga i din kalender