UTSTILLING: MARISA FERREIRA

lørdag 12. november 2022 kl. 14.00

12. november - 15. januar 2023

Marisa Ferreira
AN ARCHIVE OF EVIDENCE 
objekt / skulptur

Velkomen til opning 12. november kl. 14. 

 

Utstillinga An Archive of Evidence (Eit bevisarkiv) er eit resultat av Marisa Ferreira sin første tur til Nord-Portugal og Barroso Mining Site, det største litiumreservatet i Europa, i 2021. I utstillinga finn me både ein skjønnlitterær tekst, fotografi og ein skulpturserie. 

Gjennom verka ser kunstnaren på dei sosiale, politiske og økonomiske dimensjonane av ekstraktivisme - prosessen med å utvinne naturressursar frå jorda. Korleis påverkar denne prosessen menneske og natur?

Ferreira ser særskilt på metodane og teknologien som blir nytta for å utvinne grunnstoff, som seinare blir omdanna til forbruksvarer. Mellom anna har ho dei siste månadane studert oppbygginga av borerøyr. Studiar av ingeniørteikningar har resultert i ein serie med arbeid med tittelen Deep Wounds. Serien består av skulpturar i pulverlakkert aluminium og somme støypt frå bygge- og gruveavfall.

Verka undersøker korleis utvinningsaktiviteter og global handel med naturressursar formar landskapet vårt og påverkar livet på jorda. Samstundes er kvar enkelt skulptur eit vitne om desse aktivitetane som dannar nye lag på den geologiske skorpa på jordkloden.  

I dag er det berre 9 % av det globale byggeavfallet som blir resirkulert og store deler av avfallet blir sendt til utviklingsland og tidlegare koloniserte land. Med Deep Wounds ønsker Ferreira å opne diskusjonen om korleis me handsamar avfallet vårt. Og korleis me gjer oss rike på utvinning av naturressursar på bekostning av miljøet.

Ferreira vaks opp i nord i Portugal på 1980-talet der den industrielle nedgangen prega samfunnet. Minner frå dette er noko kunstnaren ofte kjem attende til i sine arbeid. I nyare tverrfaglege arbeid har ho særskilt sett på skjeringspunktet mellom kolonialisme og antropocen. Ho diskuterer ekstraktivisme, sosial rettferd, byutvikling og sirkulær økonomi. Ferreira undersøker korleis me kan tenke nytt og sjå føre oss ei meir inkluderande og berekraftig framtid. 

Marisa Ferreira (fødd 1983, Portugal) bur og arbeider i Guimarães, Oslo og London. Ho har ein mastergrad i kunst frå Universitetet i Ëvora, Portugal, eitt år i Art and Design for Public Space frå Universitetet i Porto, ein Masters of Research frå Royal College of Art, i London, der ho no er doktorgradsstipendiat med eit fullfinansiert stipend frå Foundation for Science and Technology (FCT), Portugal. Forskingsprosjektet hennar har arbeidstittel: Waste Matter. Public Art and the (Im) Materiality of Post-Colonial Memory.

Arbeida hennar har vore utstilt ved mellom anna South Park Gallery (2022), Sculpture in the City (2019-21) og San Mei Gallery (2020) i Storbritannia, Galeria Presença i Portugal, Kunsthalle Messmer i Tyskland, Kunstplass, Henie Onstad Kunstsenter og Rogaland Kunstsenter i Norge. Arbeida hennar er representert i private og offentlige samlingar, inkludert Louis Vuitton, Royal Liverpool Hospital, REV Ocean, Deloitte, ConocoPhillips, Stavanger Kunstmuseum. Ferreira har òg jobba med fleire større prosjekt med kunst i offentlege rom både i Norge og utlandet.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender