POLARFARAR OG FYRVAKTAR THEODOR CLAUDIUS JACOBSEN (1855-1933)

lørdag 11. juni 2022 kl. 14.00

POLARFARAR OG FYRVAKTAR
THEODOR CLAUDIUS JACOBSEN (1855-1933)

«Jacobsen skryter noget, men er i særlig grad uforfærdet»
 

Dette skriv overrettssakførar D. Mack i telegram til Fridtjof Nansen 5. desember 1892 i samband med rekrutteringa til Nansen si Framferd 1893-96.

Theodor Claudius Jacobsen var fyrvaktar på Obrestad fyr i perioden 1897 – 1917.

I tillegg til å vera ein sterk meiningsbrytar som fyrvaktar på Obrestad gjorde Jacobsen seg òg merka som ein del av den nasjonale historia med si deltaking på Nansens første Fram-ferd.

Jacobsen er ein av dei mest fargerike fyrvaktarane som har vore på Obrestad fyr. Som fyrvaktar vart han òg lagt merke til nasjonalt,  i hyppig dialog med det statlege fyrdirektoratet. 

Han kunne uttrykke seg både heftig og indignert. Målet hans var å skaffe seg nok midlar og utstyr for å gjera ein god jobb på fyret og for, på lengre sikt, å betre fyrvaktarens kår.

Theodor Claudius Jacobsen kom til Obrestad med familien sin på fire i 1897, meir eller mindre direkte frå Framferda. Det var han sjølv, kona Inga Regine, dottera Ragnhild Ambrosia og svigermor Rønnaug.

Etter 20 år på fyret seier han opp posten på fyret etter usemje om bemanning i samband med installasjon av tåkelur.

Jacobsen sette sitt preg på fyret i denne tidlege perioden. Mellom anna fekk han bygt hengebrua over Hå-åa, og han ivra for å få i gang ei landpostbodrute ut til Obrestad fyr og Hå prestegard og han var i disputt med presten om rettigheiter til tare.

Legg til hendinga i din kalender