Utstilling: Per Inge Bjørlo

lørdag 3. juni 2017 kl. 14.00

Per Inge Bjørlo
VELKOMEN HEIM
installasjon

Opning ved Gunnar Danbolt

Per Inge Bjørlo er utdanna ved Bergens Kunsthåndverksskole og Statens Kunstakademi i Oslo. Han arbeider som skulptør, malar og grafikar.

Som grafikar, arbeider Per Inge Bjørlo med tresnitt, linoleumssnitt og litografi. Han er kjent for sine mentale bilete, der han oppfordrar betraktaren til å reflektere over følelsane som oppstår når ein ser på bileta, framfor motivet i seg sjølv. Hans formspråk består av mjuke organiske mønster, ofte sett saman til motiv av ugjenkjennelege hovudfasongar.

Som ein av Norges mest profilerte kunstnarar, har Per Inge Bjørlo hatt utstillingar på Museet for Samtidskunst, Stenersenmuseet, Munchmuseet, Lillehammer Kunstmuseum og Louisiana Museum of Modern Art i København. Han har delteke på Sao Paulo og Venezia biennalen, og hatt ei rekkje utstillingar i prestisjetunge galleri i inn- og utland. Han er kjøpt inn av fleire institusjonar, mellom anna Nasjonalgalleriet, Museet for Samtidskunst, Norsk Kulturråd, Astrup Fearnley Museum for Samtidskunst, Henie Onstad Kunstsenter og Collection of Frankstella i New York.

Per Inge Bjørlo står bak utsmykking på mellom anna Oslo Lufthavn Gardermoen og Gjøviks Olympiske Fjellhall.

Utstillinga står til og med den 27. august.

 

Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete
Klikk for stort bilete

 

Legg til hendinga i din kalender