UTSTILLING: OMSORG / CAREFUL

lørdag 10. juni 2023 kl. 14.00

10. juni - 3. september 2023 

OMSORG / CAREFUL
Glas i samtidskunsten 

 

Gruppeutstilling med 15 kunstnarar som på ulikt vis jobbar med glas, og som samla sett syner kva potensiale som finnes i glaskunsten. 

Hå gamle prestegard vil sjå nærare på materialet som glaset er laga av. Kva er mogleg å få til med glas som utgangspunkt?  Kva er glas? Korleis kan me nytte glas?

Felles for alle typar glas er at det er laga av sand, soda og kalk ved 1250 grader – og at det treng å passast på i produksjon og bruk.

Det treng omsorg.

Legg til hendinga i din kalender