Utstilling: Marie Sjøvold og Charlotte Thiis-Evensen

lørdag 9. september 2023 kl. 14.00

9. september - 5. november 2023

Marie Sjøvold og Charlotte Thiis-Evensen
Slutten
foto / video

Med slutten kommer også nye begynnelser. Og nye mulige fellesskap.
Sitat frå kunsthistorikar Nina Schønsby i boka Slutten.

Slutten er ein dialog mellom utstilling og bok. Gjennom utstilling på Hå gamle prestegard og bokprosjekt utforskar kunstnarane Charlotte Thiis-Evensen og Marie Sjøvold overgangane, rørslene og
forvandlingane som oppstår når noko blir avslutta og noko nytt byrjar.

Kunstnarane har gjennom fleire tidlegare prosjekt arbeida med tema knytt til menneskeleg redsel og dei kroppslege endringane som skjer i møte med sjukdom, alderdom og død. I utstillinga Slutten tek kunstnarane temaa vidare gjennom fotografi, videoverk og installasjonar.

I boka Slutten samarbeider Thiis-Evensen og Sjøvold med skulptør Erik Pirolt, forfattar Eivind Hofstad Evjemo og teiknar Sverre Malling. Boka utforskar ulike kunstnariske språk og tilnærmingar (som prosa, teikning, fotografi, noter og brev), kva påverknad dei har på kvarandre og korleis dei ulike bidraga frå kunstnarane tilfører nye nivå av innhald og meining, både på eit kreativt, innhaldsmessig og visuelt plan.

Marie Sjøvold er biletkunstnar som nytter fotografi i sin kunstnariske praksis. Sjøvold nytter kameraet til å undersøke dei ytre grensene til medvitet, åtferda til og relasjonar mellom menneske, samt overgangsfasar. Dette resulterer ofte i tidlause tema som familie, heim og moderskap. Desse temaa flettar ho saman i poetiske, visuelle fortellingar om forhaldet mellom røynd, fiksjon, tid og historie. Med ein sjølvbiografisk praksis trekk Sjøvold parallellar til eigne opplevingar og erfaringar. Sjøvold har publisert fleire fotobøker og stilt ut på mellom anna Deichtorhallen i Hamburg, Kristiansand Kunsthall, Nobel Fredssenter, Fotografisk Center i København, Trafo Kunsthall, Galleri F15 og Calouste Gulbenkian i Paris.

Charlotte Thiis-Evensen er utdanna ved Statens kunstakademi og har hovudfag i litteratur frå Universitetet i Oslo. Som kunstnar jobbar Thiis-Evensen mellom anna med dokumentarisme innan foto, video og installasjonar. Ho nytter òg fotografiet som utgangspunkt for grafikk. I kunstnarskapet sitt kjem ho inn på alt frå nære familierelasjonar, kvardagsrituale, kulturelle historier og spørsmål knyta til identitet og arbeid. Ho har arbeida for NRK i 20 år, mellom anna som programleiar for serien Arkitektens hjem og videojournalist for kunstprogrammet Nasjonalgalleriet. Thiis-Evensen har hatt separatutstillingar mellom anna i Kunstnernes Hus, OSL Contemporary og Vigelandmuseet i Oslo, Galleri F15 i Moss og Muratcentoventidue i Italia. Ho har delteke i ei rekke gruppeutstillingar og filmfestivalar, mellom anna i Bergen Kunstmuseum, Kristiansand Kunsthall, Riga Photography Biennial, Akershus Kunstsenter, DOK Leipzig i Tyskland og DMZ International Documentary Film Festival i Goyang City i Sør-Korea

Utstillinga har fått prosjekt- og produksjonsstøtte frå Billedkunstnernes Vederlagsfond, Bergesenstiftelsen, Den Hielmstierne-Rosencroneske Stiftelse, Fond for Lyd og Bilde, Fritt Ord, Kulturrådet, Norsk Fotografisk Fond, REV Ocean, Norske Kunstforeninger og Oslo kommune.

Dokumentasjonsfoto frå utstillinga SLUTTEN av Marie Sjøvold og Charlotte Thiis-Evensen - Klikk for stort bilete

Legg til hendinga i din kalender