UTSTILLING: AURORA SOLBERG

lørdag 11. november 2023 kl. 14.00

11. november 2023 - 14. januar 2024 

Aurora Solberg
Marskland 
vassmaleri på papir

Velkomen til opning 11. november kl. 14. 
Opningstale ved kunstformidlar Marie Midttun Skretting.  

Fri entre på opningsdagen. 

Jeg har oppholdt meg mye på Jæren fra jeg var barn og siden 2016 har jeg flere ganger hatt kunstneropphold på Obrestad fyr. Jeg har alltid latt meg fascinere av de mange ulike “biotopene” som finnes i området. Havet som møter strender og svaberg og siv på Ogna, vinden i kornet eller elvemunningen rett bak Hå gamle prestegard. Det er alltid omskiftende været gjør at fargene er i stadig forandring rundt meg. Mine mange turer langs havet lagrer seg i minnet, setter i gang fantasien og kommer til uttrykk i maleriene. 

Hå gamle prestegard har gleda av å presentere separat utstilling med Aurora Solberg i stallen og gamle fjoset. Solberg budde på Obrestad fyr i to veker i august og store deler av utstillinga måla ho medan ho opphaldt seg der.

Solberg arbeider med vassbaserte måleteknikkar. Ho fortel at ho ønskjer å skape eit visuelt som der tilskodaren kan kontemplere over - og miste seg sjølv i det ordlause. Korleis ville det vera å oppleva verda for første gong, Når du står utan språk eller kategoriar å ordne den etter? 

Kunstnaren sier at ho ønskjer å tilby ein inngang til ei anna verd i krysninga mellom fantasi og røynd; “Slik jeg dykker inn i skaperprosessen ønsker jeg at betrakteren skal kunne dykke inn i maleriene.  Maleriene er ikke direkte avbildninger av motiver eller landskap - men forteller heller om min sanselige opplevelse av verden. Jeg ønsker at betrakteren skal kunne legge sine egne assosiasjoner og tanker inn i bildene.”

Etter ei lengre reis til Japan i 2018 byrja Solberg å arbeide med teknikkar og materiale frå Nihonga- tradisjonen. Nihonga er ein japansk tradisjonelt måleriteknikk, som ligg mellom akvarell og gouache. Målinga kan påførast lag på lag, men den held på lyset og det gjennomskinlege som i akvarell. Pigmenta kunstnaren lager målinga av er lysande og fargesterke, noko som er med på å bygge opp intensiteten i måleriet. Pigmenta kjem mellom anna frå mineralmalm og stein. Dette blir knust til pulver og sortert etter storleiken på partiklane. Variasjonen i partiklane tilfører måleriet ulike teksturar. 

Den siste fem åra har Aurora Solberg arbeida med prosjektet Biotop. Prosjektet består av ei rekkje måleri måla på papir med teknikkar og materiale frå nett Nihonga. Biotop tyder leveområde, or er ein stad i naturen der eit spesielt samfunn av arter finnes - ein granskog, snaufjell eller gjødselhaug. Solberg ser føre seg eit landskap som breier seg ut på arket etterkvart som måleriet veks fram. Korleis ser havbotn ut for ein fisk, eller ein mosedott for ein maur? Kvart måleri har si eiga verd, sin eigen biotop, med sine eigne eigenskapar og uttrykk. 

Marskland, som òg er tittelen på utstillinga, er eit svært frodig område som oppstår ved kysten, i bukter og elvemunningar. Her møtes land og saltvatn, og skapar eit leveområde med stort biologisk mangfald. Sukkulentar, siv, amfibiar, fisk og virvellause fyr er somme ev skapningane som har sitt habitat her. Tankane går til landskapet på Jæren og Kitty Kielland si formidling av strender og myrer. 

Aurora Solberg fullførte sin Master i kunst ved Kunstakademiet i Bergen i 2017, og bur og arbeider no i Bergen. Sidan den gong har ho initiert og delteke på fleire utstillingar, mellom anna Itoshima arts Farm Festival i Japan, Visningsrommet USF, KB Contemporary og Høyersten Contemporary. I 2022 fullførte ho ei større utsmykking for Bybanen i Bergen. Ho er kjøpt inn av fleire skular og i 2023 kjøpte Griegsamlingen eit større verk. 

Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillinga Marskland av Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Bilete frå utstillingen til Aurora Solberg - Klikk for stort bilete
Legg til hendinga i din kalender