Utekonsert: VAMP - 13 humler

lørdag 3. juni 2017 kl. 18.00

Vamp er tilbake på Hå gamle prestegard med fornya kraft og fyrrig repertoar.

Billettar kr 450. - Kjøp billett på www.ticketmaster.no


Vamp og sommarturné heng saman og sommaren 2017 er intet unntak. Opplev dette kjende og kjære bandet og songar frå deira innhaldsrike repertoar i utekonsert ved storhavet denne sommarkvelden på Hå gamle prestegard. Perla på Jæren er ei perfekt ramme for Vamp. 

Konserten er ute med ståplassar i gardsrommet og i hagen. Ta gjerne med deg ein klappstol eller eit sitjeunderlag som du kan bruke i hagen om plassen tillet det. Kle deg etter veret og få med deg ei heilt unik oppleving denne kvelden i gardsrommet og i hagen. 

Klikk for stort bilete

 

Konserten startar kl. 18. Du kan koma inn på uteområdet frå kl. 17. 
Kl. 14 opnar 3 nye utstillingar, Per Inge Bjørlo - Velkomen heim, Arvid Pettersen - 16,67x3 og utstillinga Power to the Bees, ei utstilling om bier og humler og livet deira som betyr mykje for miljø og menneske. Konserten på Hå får undertittelen - 13 humler og songen 13 humler er sjølsagt med i kveldens repertoar. Utstillingane er opne fram til kl. 18. Kom til opninga kl. 14 og få med deg både opninga og konserten.

Kafeen er open heile dagen med god mat og god drikke. Både kafeen og uteservering er ope under konserten med sal av grilla pølser,øl,vin og mineralvann ute og suppe, lapper, øl, vin og mineralvann i kafeen. Betaling med bankkort og kontantar. Hugs å ta med godt med vekslepengar. 

Parkering på Obrestad fyr og på Hå gamle prestegard. Følg anvising frå parkeringsvaktene. Det tek ca. 20 min å gå frå Obrestad fyr. Me har skyss for dei som ikkje kan gå så langt. Fint å køyra fleire i ein bil for å begrensa antal bilar.

Vamp gutter på tur:
Øyvind Staveland: fele, fløyter, vokal, bratsj, trekkspill
Jan Toft: vokal, gitar
Odin Staveland: trommer, vokal, piano, perkusjon, trekkspill
Bjørn Berge: gitarer, banjo, vokal
Kjetil Dalland: bass, kor
Lars-Erik Støle: orgel, trekkspill, kor

Legg til hendinga i din kalender